lørdag 7. desember 2013

Flaskesmoking

No har eg endeleg prøvd meg på flaskesmoking! Har hatt mønsteret liggjande lenge, og no hadde eg bruk for ein fin presang til ein herremann!
Ikkje så godt bilde akkurat, dårleg lys inne og snøver ute, då er det best å holde seg på innsida!! Men er fornøgd med produktet mitt, ser at modellen passar både til vinflaske og ei Baileys!! Eg kjem nok til å lage fleire no når eg fann ut korleis eg skulle sy denne.

mandag 18. november 2013

Babyvotter

Oline er farmor til vesle Sander som no skal møte sin første vinter. Gode heimestrikka vottar som sit godt på, skal bli ei lita julegåve til guten.

Ideen til vottane fann eg på bloggen til Hjemmelaget, her er det oppskrift på Barnehagevotter. Eg har endra på oppskrifta, tilpassa den tråden eg brukte.

Eg har brukt Dale baby ull, farge nr 2621 til desse vottane, og eg har strikka dei utan tommel. Fargen på bildet er litt gul fordi eg har teke bildet under lysrør.


Oppskrifta mi:

Pinner nr 2,5.

Legg opp 42 m, strikk 2 riller (dvs. 4 pinner att og fram med rettstrikk).
Ta maskene over på 4 pinner og strikk glattstrikk rundt og rundt  20 omg. Fell 1 m på kvar pinne, du har no 38 m . Strikk 2 omg rett.
Skift til pinne nr 2 og strikk ribbestrikk; 1 rett og 1 vrang 8 omg.
Skift tilbake til pinne 2,5 og strikk 18 omg glattstrikk før det felles 2 m i kvar side (4 m pr omg.) på annakvar pinne. Når du har felt 5 ganger, så fell av kvar omg og strikk til slutt 2 og 2 m sammen. Dra tråden igjennom dei siste 6 m du står att med .


lørdag 9. november 2013

Buggy Barn del 2

Då har eg jobba iherdig denne formiddagen, og no er alle blokkene klare til sammensying!

Buggy Barn hjerter!

I haust gjekk eg på eit Buggy Barn kurs v/Marie Myklebust frå Gloppen der vi fekk lære å sy hjerteblokker.
Det tek tid å sy mange blokker, 30 stk vart det på meg, og no er eg klar til å reinskjære dei og sy sammen til eit teppe.
Eg likar godt denne hjerteforma, litt stilisert og anvendelig til både tepper, veggbilder, løparar og dekor! Blir nok fleire slike!

fredag 8. november 2013

Rocky Mountain

På klubbmøtet  i Nordfjord lappe- og quilteklubb i oktober fekk vi lære å sy blokka Rocky Mountain.

Ingun frå Primula Design viste oss teknikken, og vi var mange på møtet som hadde med oss symaskin og fekk prøvd ut dette. Ingun hadde laga modell og  materialpakkar, og no nyleg vart eg ferdig med brikka mi.

torsdag 7. november 2013

Trepinneetui!

Siste året har eg nok strikka meir enn eg har sydd, og eg strikkar framleis. Sjølv om eg heilt sikkert har nok pinnar til strikkinga mi frå før, så har eg kjøpt fleire i det siste. TREPINNAR! Det er så mykje betre å strikke med desse pinnane at eg har valt å kjøpe ulike tjukkelsar etter kvart som eg byrjar på nye strikk. Og det er ganske ofte!!!!

Pinnar som lurer seg bort i all tråden min og i posar, er typisk meg, så då måtte eg berre lage meg eit etui for berre trepinnane mine. Inspirasjonen fann eg på bloggen til svenske Svarta Malin, men måla til mitt etui måtte eg tilpasse mine pinnar.

Her er oppskrifta på etuiet mitt:

Du treng eitt stoff til framside og eitt til for. Eg har applikert eit anna stoff på som dekor.

Klippemål:

2 stoff på ca 12 x 17 inch
 Vrangsy stoffa og vreng gjennom ei lita opning på den delen som skal være nedbretten.
 Tilpass høgda på lommene ved å plassere ein strikkpinne. Sy ei smal stikning rundt heile kanten, men ikkje nederst. Dvs at du startar nede til venstre på bildet over, syr oppover, rundt kanten oppe der det også er ei lita opning som du skal sy igjen, og så nedatt på høgresida. Husk å putte inn hempe til knappen her på eine sida, sjå bilde lenger nede. Dette gløymde eg, så eg måtte sprette opp att og putte hempa inn i kanten og sy ein gong til.
Merk opp med forsvinningstusj der du vil ha lommene. Lag smale lommer til dei tynnaste pinnane, litt breidare frå pinnar på 4 mm.

Eg har pynta med namneetikett.
På venstre sida ser du hempa til knappen.
 Pinnane passar fint i lommene!

 Eg likar å ha litt pynt på, denne blomsten applikerte eg for hand. Og då måtte det også bli ein blomsterkanpp! Øverste bildet i innlegget viser koleis det ser ut når det er bretta sammen.

Lykke til om du også vil sy noko liknande! Skriv gjerne ein kommentar om du lagar, kjekt å sjå andre idear også!!

søndag 14. juli 2013

Mormors lille søte!

Vår vesle Emma Leigh vert snart 9 mnd og er like god som ho ser ut på bildet. Ho kosar seg her på garden i vårt restaurerte "gamlehus", med mormor og morfar i eitt hus og oldemora i eit anna. Ute i hagen ser ho på kattar som spring rundt og i mormors hage går det to brune høner og trippar rundt heilt til kvelden kjem. Mykje spennande å sjå på for eit veksande lite vesen!

Bildet har mor teke, skrive det ut på vanlig skrivar. Eg hadde ei "titteramme" i sølv liggjande som eg såg eg kunne bruke til bildet. Trekte ei papplate med svart lerret og limte på bildet! Vips så vart det så fint at ei slik ramme ønsker Emmas mor seg også, ..... noko liknande finst på Ikea trur eg!

tirsdag 11. juni 2013

Prematurstrikk

Det har vore langt mellom Olines innlegg no. Mykje tid har gått til NLQ-bloggen som eg driv, men ein del tid har også gått til småstrikking! Og det har vore skikkeleg småstrikk, i Baby Born størrelse!

Oline vart plutselig farmor! Ja lenge før eg hadde tenkt,..... sjølvsagt visste eg om det, og eg var i gang med å strikke teppe i Dominostrikk. Men ikkje før eg hadde konstatert at eg var i god rute med teppet, så melde babyen sin ankomst 10 veker før tida! Ein liten knott på 1440 gr og 37 cm, så liten at Baby Born dukka vart stor!!

Etter ein litt for spennande start på livet, så gjekk det over til kvardagar og etter kvart behov for at farmor strikka noko varmt.

BabyBorn mønster vart sjekka, men eg fann fort ut at dette var ikkje passande modellar til eit prematurbarn. Då vart det å søke på nettet, og eg fann etter kvart litt her og litt der. Til slike små er det viktig at det er strikka i merinoull eller alpakkaull, for det må vere mjukt og varmt.

Eg oppdaga også at rundt om i landet er det mange som strikkar sokkar, luer og små tepper til premature barn og nyfødde på barneavd. Då Emma Leigh hadde sin tøffe start i okt.-12, så fekk ho eit lite teppe på neonatalavd. i Ålesund. Eg trur nok at når eg kjem litt meir ajour med strikkinga mi, så vil eg prøve å strikke litt til ei slik avd. Det betyr så utruleg mykje med slike småting som er laga med omtanke. HER er ein link til bloggen til Frk Fregne der det er fleire linkar du kan finne info på. Mest kjend er kanskje Amandaprosjektet, og HER er link til ei Facebook-side med liste og info over kva du kan gje til ulike sjukehus. Vil også ta med at det vert også samla inn til liknande prosjekt i Afrika. Det er mykje info å finne, så søk litt på sidene og les og få lyst til å gje ditt bidrag!

Det første eg strikka var eit par kvite tubesokkar. Det skjedde i full fart og bilde gløymde eg å ta. Bildet under viser modellen eg gjekk ut frå og med mønster.
Her er oppskrift på desse, dei er frå bloggen Ufostrikk
Spiralsokker til baby
Vanskelighetsgrad: Enkel
Garn: ca 20 g babyull, strømpegarn eller alpakka
Pinner nr. 2.5 - 3.5 (det som passer til garntykkelsen)

Legg opp 36 m, og fordel de jevnt på 3-4 strømpepinner,
arbeidet strikkes rundt på 4-5 strømpepinner, gjerne ekstra korte pinner. 

Omgang 1-6: strikk*2 rette, 2 vrange*. Gjenta mellom **
Omgang 7: Flytt mønsteret en maske, dvs 1 rett, *2 rette, 2 vrange*. Gjenta mellom **
Omgang 8-10: Strikk likt som omgang 7.
Videre gjentas omgang 7-10 så gange ganger man ønsker. Legg merke til at mønsteret flyttes en maske for hver fjerde omgang, så følg med på hvilken type maske du starter omgangen med. F.eks vil omgang 8 starte slik: *2 vrange. 2 rette*.

Sokken felles av når den måler cirka 16 cm. 
Felling:
1.Strikk 4 m rett, 2 m rett sammen ut omgangen.
2. Strikk 2 omganger uten felling. 
3. Strikk 3 m rett, 2 m rett sammen ut omgangen. 
4. Strikk 2 omganger rett. 
6. Strikk 2 m rett, 2 m rett sammen ut omgangen. 
7. Strikk 1 omgang rett. 
8. Strikk 2 m rett sammen ut omgangen.

Klipp av tråden og trekk den gjennom de resterende maskene. Strikk en til sokk på samme måte.
Denne størrelsen passer ca 0-1 år, litt avhengig av pinne- og garntykkelsen. Du kan enkelt lage de større ved å legge opp f.eks 40 masker, og strikke sokkene lengre. I begynnelsen bretter man uansett ned den øverste kanten på sokken/votten. 

LUE

Eg har også strikka eit par hjelmluer, i to ulike str. Den første sat som støypt på Babyborndukka og var akkurat passelig til bruk då lillegutt kom ut frå sjukehuset forige helg, etter 7 veker på sjukehuset og 2,6 kg tung. Litt rart å tenkje på, men i dag er det 10 dagar til hans planlagde fødselsdag!

Det er mange både like og ulike oppskrifter å finne på nettet, og størrelsen kjem an på tråtype, pinner og ikkje minst den som strikkar. Eg har strikka berre to luer av denne typen, men då eg strikka nr 2 , skjøna eg korleis eg kunne forstørre lua med fleire masker på pinnen og fleire omgangar. 
Den første lua eg strikka var etter Oppskrift 1. Den siste i blått som eg har lagt inn bilde på,  har eg brukt Oppskrift 1 som utgangspunkt, men ved å sjå på Oppskrift 2, såg eg forholdet mellom antal masker og omgangar for å lage den litt større.

Oppskrift på blå lue:

Følg Oppskrift 1, men legg opp 32 m på p 2,5. Strikk 16 omg med riller der det står 15 omg i oppskrifta. Til pannestykket strikkar du 8 omg med riller der det står 7. Elles følgde eg oppskrifta og montering.



Oppskrift nr 1:


Luen strikkes som et langt stykke i rillestrikk/rettstrikk som syes sam- men til slutt. 1 rille= 2 pinner rettstrikk. 
Legg opp 30 m, strikk rettstrikking. Etter 1. p. skal det felles 1 m i begynnelsen av p, innenfor to kantm., og økes 1 m i slutten av p, innenfor to kant-masker, hver 2. p. i alt 15 ganger. Deretter skal det gjøres motsatt, du starter med øking og slutter med felling, i alt 15 ganger. Dette er første øreklaff. Ikke fell av, men fortsett på pannestykket: 
Pikeluen: På pannestykket skal du felle i begynnelsen av hver 2. p 7 ganger, deretter øke 7 ganger, i den andre siden strikkes det rett. 
Gutteluen skal ha spiss fremme. På pannestykket skal du da felle i begynnelsen av hver 2.p og øke i slutten av samme pinnen 7 gang- er. Deretter økes i begynnelsen og felles i slutten av samme pinne 7 ganger.

Strikk den andre øreklaffen tilsvarende den første, altså først 15 fellinger i begynnelsen og 15 økninger i slutten av p., deretter mot- satt. Fell av.

Montering: Sy sammen oppleggs og av-fellingskanten. Sy sammen spissene. Lag 2 snorer med en liten dusk i ene enden og sy dem fast.

Oppskrift nr 2: 
Frå bloggen Strikkoman






CPAP-hat, sidelæns

Dette er en opskrift på en baby-hue strikket sidelæns. Den har stropper, sidder godt fast på hovedet, og er derfor god til CPAP-behandling.



Huerne strikkes i bomuld (evt. bomuld/acryl, men max 50% acryl), og du skal bruge 10-20 gram til hver hue. Der er mulighed for striber som du har lyst.

Du skal bruge strikkepinde str. 2,5 - 3,0 mm. (Jeg har strikket på pind 2,75).



Huen strikkes i ret-strik i zig-zag-facon. Den kræver noget syning, men til gengæld får du en dejlig, elastisk hue der sidder godt.

 Teknik:
"Udtagning til venstre":
1. pind: Strik 1 r, strik 2 m r sammen, strik til der er 1 m tilbage, slå drejet om pinden, strik 1 r.
2. pind: Strik alle masker r.

"Udtagning til højre":
1. pind: Strik 1 r, slå drejet om pinden, strik til der er 3 m tilbage, strik 2 m r sammen, strik 1 r.
2. pind: Strik alle masker r.

Mønster:
Slå 20-22-25-27-30 m op.
Strik "Udtagning til venstre" 8-9-10-11-12 gange
Strik "Udtagning til højre" 8-9-10-11-12 gange
Strik "Udtagning til venstre" 5-5-6-6-7 gange
Strik "Udtagning til højre" 5-5-6-6-7 gange
Strik "Udtagning til venstre" 8-9-10-11-12 gange
Strik "Udtagning til højre" 8-9-10-11-12 gange
Luk alle masker af.

Nu skal huen sys sammen. Se på det nederste billede, og sy de grønne sider sammen, de pink sider sammen og de gule sider sammen. Sy opslagnings- og aflukningskanten sammen.

Bindebånd: I hver af de to brede spidser hækles 50 luftmasker, vend og hækl 50 kædemasker (1 i hver luftmaske) tilbage. Hæft ender.

Sådan! Du har nu strikket en hue. Prøv en af de andre størrelser!

Tip; når jeg selv strikker huen, samler jeg masker op fra opslagningssiden og strikker opslagning og aflukning sammen, mens jeg lukker af. De første gange er det dog en god idé at sy, så man lige forstår, hvilke takker der skal sys sammen..

Oppskrift frå Sandnes

Rosehagen har også ei fin oppskrift på enkle prematurluer. HER kjem du til oppskrifta.

Stay-on-sokkar
Her er namnet det rette, for desse sokkane sit på!!! Enkle å strikke og fine på foten, modellen er lett å justere i størrelsen.
Oppskrifta kjem frå bloggen Ullent eventyr (innlegg frå 2008 som ikkje ligg på nett lenger), men må justerast litt ned i str. til prematur. Prøv deg fram. Eg noterte meg ikkje akkurat  korleis eg strikka sokkane, men meiner å huske at i forhold til oppskrifta under her, så la eg opp 30 m og strikka med 8 eller 10 m fram over rista. Dei passa iallefall perfekt til BabyBorn-dukka!

Her er oppskrift:

Garn: Dalegarn Babyull, hvit
Pinner: 3
Masker: 36 masker
Str: ca 3-6 mnd

Legg opp 36 masker og strikk rillestrikk 9 cm. Str så kun over de midterste 12 maskene til arb måler 14 cm. Plukk opp 11 masker på hver side av fotlappen og strikk nå alle maskene på pinnen igjen. Strikk 12 pinner med alle maskene.

Nå skal du starte avfelling under foten. Strikk over de 12 midterste maskene, men på slutten av hver omg strikker du den 12 masken sammen med sidemasken. SNU arbeidet. Fortsett slik med å strikke to masker sammen hver omgang, strikk til det kun gjenstår 4 masker i hver side i tillegg til de 12 midtmaskene. Fell av og sy pent sammen. Brett sokken ned. Lag gjerne en fin kant ved å hekle rundt nederst på brettekanten :)



Dette bildet er frå bloggen Skorpion71, der finn du også oppskrifta som ho har lagt ut på sin blogg. Der er også bilder av slike sokkar i andre fargar, kjempefine og enkle sokkar!!

Settet som eg strikka til lillegut var i lysegrønt. Lue og sokkar har eg lagt ut oppskrift på lenger oppe i innlegget, jakka fann eg på sida til Nøstebarn der det var lagt ut "Oppskrifter til de aller minste" Der fann eg oppskrift på Omslagsjakke. På mønsteret er denne strikka i rillestrikk, men eg laga den i glattstrikk, og det vart fint det også.

OMSLAGSJAKKE
Størrelse: Prematur-2mnd 

Garn: Ca 35 gram Merinoull, Angoraull eller Silkeull fra Nøstebarn.
Pinner: Nr 3.
Strikkefasthet: 24m glattstrikk på pinne nr 3 =10 cm

Trøyen strikkes i et stykke. Begynn nede på ryggen og legg opp 50 m, strikk 6 p rettstrikking. Strikk videre i glattstrikking til arbeidet måler ca. 20 cm. Nå felles de midterste 14 m felles av til hals og hver side strikkes ferdig for seg: Strikk 10 p rett opp, øk deretter 1 m i halssiden på hver 2. p 16 ganger, deretter hver pinne til det er 50 m på p. Fortsett til sidesømmen har samme lengde som på ryggen. Strikk den andre siden tilsvarende. Ermene: Legg opp 36 m, strikk rettstrikking 6 p. Skift til glattstrik- king og øk 4 m jevnt fordelt på første p. Øk videre 1 m i hver side hver 3. cm til det er 48 m på p. Fell alle m rett av når ermet måler 14 cm. 

Montering: Sy i ermene, midten av ermet mot skulderen. Sy side- og erme-sømmene. Hekle en picotkant (3 lm, 1 fm i 1.lm, 1kjm i plagget) langs halsåpningen. Tvinn to snorer og sy de fast til knytte- bånd. Det kan også hekles snorer samtidig som en hekler picot- kanter rundt halsåpningen.



Rundt kantane framme og i halsen hekla eg først ein omg med fastmasker, deretter ein taggekant.

lørdag 23. februar 2013

Resteteppe

No er eg endeleg begynt å få alle lappane mine til resteteppet på plass. Ca 140 i tal!! No har dei vore lagra i posar over tid, så eg håpar at eg har funne alle no, litt surt om det plutselig dukkar opp fleire ein stad! Slike lappar er kjerkke å lage, for dette er slikt ein kan ha liggande i veska og arbeide med når det plutselig dukkar opp ei anledning. 

Dei er lagt ut over golvet på eit laken og er klare for samanhekling. Fekk hekla sammen ei rad i går,....det går ikkje fort merka eg. 

Men det skal bli fint og eit varmt sofateppe dette. Eg har for det meste brukt restar av ullgarn til dette, har kjøpt nokre fargar for å få nok variasjon i fargane. Og restar,...det er gjerne heile nøster i div. kvitfargar, men slike fargar ein ikkje kan bruke til større arbeid fordi ein ikkje får akkurat  same fargetonene om ein skal kjøpe meir trå.

Eg har laga oldemorsruter og rettstrikka ruter i blanding, noko som gjev ein fin effekt synest eg. Skal legge inn bilde når alt er ferdig, men anar det kan ta litt tid!!

søndag 3. februar 2013

Emmas lue

 Hmm, kva er det mormor vil no?
 Javisst! Ta bilde av nyelua mi! Då smiler eg til fotografen!
...og så litt sidelengs!

Ja mormor har strikka ei god vinterlue til Emma Leigh som no er blitt 3 mnd. Mønsteret er Trudes Pixielue som mange andre har strikka. Takkar for at slike gode oppskrifter vert lagt ut.

Eg har strikka i str 1 år og brukt dobbel Baby ull og strikka på pinner nr 3,5.
Brukte litt over 1 nøste.

Str 1 år passa akkurat til Emma Leigh no, så no skal eg strikke ei til i samme str og bruke pinner nr 4 for å få den litt lausare og dermed litt større.

Her har eg kopiert inn oppskrifta frå Trudes blogg:

Størrelser: ca 1 år (2år) 4 år (Kommer helt an på garn, pinnevalg og strikkefasthet.)
Strikkes i dobbel Dahle babyull, PT Panda eller lignende mykt ullgarn.  Fin måte å bli kvitt litt restegarn. Den grå er strikket i dobbel alpakka.

Legg opp med dobbel tråd på fire pinner 20 (22) 24 m på hver pinne nr 3 ½. .(Tilsammen 80 (88) 96 m )Strikk to rett og to vrang to 2-5 cm først. Strikk så to rette som før, men de to vrange strikkes sammen slik at det blir to rett og en vrang. Dette for at halsen ikke skal bli for slakk. Strikk videre til ønsket halslengde, og legg opp igjen slik at det blir to rett og to vrange. Pass på at halsen ikke blir så veldig lang for da krøller den seg. Neste runde, samtidig som du begynner og strikke frem og tilbake skal det felles seks masker foran for ansikt.(to rette, to vrange og to rette)Strikk så frem og tilbake heretter. Start med fire rette masker og følg mønsteret videre to rett og to vrang og strikk de fire siste masker rett. Snu og strikk de fire første og siste masker vrangt. Neste pinne strikker du de fire første og siste rett. Neste pinne strikker du vrangt seks masker sett fra utsiden, to rett og to vrangt til det gjenstår seks masker og strikk disse vrangt. Fortsett slik med å strikke med to masker mer hver tredje pinne og tre pinner rett og tre pinner vrangt i begge ender til det ikke er flere masker å ta med. Fell så av og sy eller strikk sammen i toppen.