fredag 14. mai 2010

Bunadskjortepose

På siste møtet i quilteklubben fekk vi sjå ein kjempefin ide, Inger K hadde med seg ein pose ho hadde sydd til bunadskjorte. Designet var enkelt, men dekoren var heilt nydelig. Du finn bilder her.Inger hadde brukt brodering med silkeband, noko som eg ikkje kan, så difor har eg laga til min egen dekor, inspirert av Leanns blomstermotiv. Og då var det naturleg med lyse pastellfargar. Rosa blomster er komt på plass, no held eg på med det grøne til stilker, trur eg òg skal ha ein grøn tone i teksten Bunadskjorte og namnet på eigaren.

Kjekt å få bruke litt av dei mange fine fargane med moulinegarn som eg har samla meg. Og til eit så lite broderi er det fint å bruke av alle dei små lause trådane som vi heller ikkje har råd til å kaste. Dei blir som regel liggande i ei lita "ruske", men no kom nokre av dei altså til nytte.

søndag 9. mai 2010

Mormors toalettmappe

Forige helg fekk eg virkelig sydd i vei, og heilt utruleg,.......det vart ingen UFO av det eg begynte på!!! Som bildet viser var det Mormors toalettveske av Bente Malm eg sydde. Mønsteret var detaljert og omfattande, men resultatet vart flott. Vi var to som sydde denne modellen i lag, og det var lurt trur eg, for vi løyste dei små problema vi møtte etter kvart.
Vi var fleire som sydde og kosa oss i lag, sjå berre her kor mykje fint vi laga!! Til dekoren prøvde eg meg på å bruke forsvinningsplast. Eg brukte litt div. trådar, silkeband og ein bit av ei hekla bord under plasten og sydde på kryss og tvers på plasten, nok til at bitane mine under var på plass. Etterpå skylte eg det i rennande lunka vatn til all plast var borte! Litt Hokus Pokus dette! Men etterpå strauk eg det tørt og flatt før eg quilta det fast til bakgrunnsstoffet.



Modellen til desse to er henta frå ei bok, skal legge ut tittelen når eg finn boka.