lørdag 23. februar 2013

Resteteppe

No er eg endeleg begynt å få alle lappane mine til resteteppet på plass. Ca 140 i tal!! No har dei vore lagra i posar over tid, så eg håpar at eg har funne alle no, litt surt om det plutselig dukkar opp fleire ein stad! Slike lappar er kjerkke å lage, for dette er slikt ein kan ha liggande i veska og arbeide med når det plutselig dukkar opp ei anledning. 

Dei er lagt ut over golvet på eit laken og er klare for samanhekling. Fekk hekla sammen ei rad i går,....det går ikkje fort merka eg. 

Men det skal bli fint og eit varmt sofateppe dette. Eg har for det meste brukt restar av ullgarn til dette, har kjøpt nokre fargar for å få nok variasjon i fargane. Og restar,...det er gjerne heile nøster i div. kvitfargar, men slike fargar ein ikkje kan bruke til større arbeid fordi ein ikkje får akkurat  same fargetonene om ein skal kjøpe meir trå.

Eg har laga oldemorsruter og rettstrikka ruter i blanding, noko som gjev ein fin effekt synest eg. Skal legge inn bilde når alt er ferdig, men anar det kan ta litt tid!!

2 kommentarer:

  1. Blir spennende å se teppet ferdig!
    Så koselig at du ble med på min Give away! :)
    Ha en god dag!
    Klem Lisa

    SvarSlett
  2. Fin blogg du har. Legger meg til som følger jeg. Ha en fin påske :)

    SvarSlett