søndag 24. januar 2016

Små posar!

Har sydd litt småtteri i dag,.....det var ikkje planen, men vart slik. Det byrja med at dattera kom med eit turkis stoff som skulle kuttast og faldast til gardin på badet. Då det var gjort, vart det stoff til overs,...slikt legg ein ikkje bort! Så då vart det ein liten pose til Q-tips og ein litt større til andre ting (har ikkje bilde av desse).

Sidan eg no var komt i sving så måtte vesle Emma på 3 år også få posar, rosa sjølvsagt!! Det vart ein pose til hårstrikk og ein til klemmer, og ein ekstra som eg skal ha på lur.

Til dei små posane brukte eg mønsteret frå innlegget mitt i des -14.

Så dagens spontane arbeid enda i 5 posar og ei falda gardin!

onsdag 20. januar 2016

Brikke!

Med litt press på meg sjølv har eg no sydd brikke som skal bli presang. Det vil seie ein ganske forsinka julepresang som mottakaren veit om, men som ikkje vart ferdig. Planen var klar, eg skulle lage ei brikke med 60 graders linjalen min, men design og fargar tok litt for lang tid å pønske ut.


Men i går var designet og stoffa klare, eg sette i gang og laga like godt to brikker. No blir det også ei brikke som er ferdig i god til før morsdagen, denne skal gå til mor mi då.

Denne "vindmølla" er sett sammen av remser kutta på 3". Kutta opp begge delane (kvit og rosa) før eg sydde sammen for å få dei like. Ein kan sy sammen som lange remser, men då får ein trekantar i motsette fargar, må i så fall sy to ulike vindmøller.
Kanten rundt er remser kutta i 2,5".

Quilta smal kant på alle rosa blada, på kanten rundt sydde eg tre rader med rett saum. Brukte tynn dukvatt kjøpt hos Northern quilts, denne er perfekt til slike små quiltar. Lukkekanten kuttar eg alltid 1 1/4", det passar alltid perfekt når ein brukar tynt stoff.

søndag 10. januar 2016

Varme barnevottar

Har strikka vottar til bruk i barnehage til mine to barnebarn. For ar dei skal være varme må dei være av ull og med mønsterstrikk blir dei ekstra tjukke. Selbuvottar eller likannde er med andre ord gode vottar til bruk i barnehage!!

Denne gongen valde eg å strikke Marius-inspirerte vottar med eigenkomponert mønster.

Oppskrifta mi er slik:

Garn: Ullgarn som passar til pinnar 3,5.
Pinnar: nr 3 til brotet og 3,5 til resten av votten.

Legg opp 32 m på p. nr 3, strikk 2 r og 2 vr til varngborga er ca 6 cm. Skift til p 3,5 og strikk glattstrikk samtidig som du aukar ut til 36 m. Strikk 3 omg blått før du byrjar på mønsteret som du ser på bildet.

Etter siste omg. der du brukar blå tråd set du av 7 m til tommel, legg opp 7 nye masker bak og strikk vidare til mønsteret er ferdig. Strikk 1 omg rødt før du tek til på felling. Fell 4 m kvar omg. på sidene med 2 m som "midtmasker" i fellinga.

Tommel:
Plukk opp til sammen 16 m, men fell sammen to i kvar side på 2. omg slik at du har 14 m til tommelen. Strikk 12 omg og fell deretter sammen 2 og 2 m til du har att 5-6 masker og dra tråden igjennom.

lørdag 2. januar 2016

Baby selbuvotter

På pinnane no er det baby Selbuvotter til mitt vesle barnebarn som vart fødd 21.12.15. Han treng nok varme vottar no når han skal på mange turar ut i den norske vinteren.


Eg brukar oppskrifta frå bloggen til Martine og strikkar med Dale Baby ull på pinnar nr 2,5.