torsdag 27. desember 2012

Julegåve

Oline er blitt mormor, og gåva til den lille vart eit krabbeteppe i klare fargar. Størrelsen er ca 1 x 1,2 m. Mange fargar å feste augene på i kontrast med det kvite. Det er slikt slike små likar i denne alderen, 9 veker er vesle Emma Leigh i dag.

På baksida har eg brukt fleece som er kjøpt på Stoff og Stil. Denne fleecen var fin og fast å bruke, heldt seg på plass under quiltinga.

torsdag 13. desember 2012

Herlig hals!

 Eg har strikka ein herlig hals, og oppskrifta heiter også "Herlig hals". Den finst som gratismønster på Ravelry og er lett å strikke. Halsen har eg strikka i Kitten mohair på pinner nr 4. Det gjekk med akkurat 1 nøste til halsen. Eg strikka ca 30 cm glattstrikk før eg byrja på mønsteret. Anbefales!!