onsdag 31. mars 2010

Midlertidig sylyst???

Ei akutt sylyst kom i dag tidlig,...merkelig, men det var vel mangelen på ein passeleg påskeløpar som gjorde dette. Eg har ikkje heilt sansen for kjøpte påskedukar med kyllingar på, og å sy i gult har eg heller ikkje gjort før. Eg forbinder våren med lyse pasteller, og då måtte eg berre lage noko som matcha det eg hadde lyst på.

Stoff har vi quiltarar rikelig av, vi kjøper og legg i lad i skuffer og korger, skal ha dei til noko spesielt trur vi, og så har vi ikkje råd å bruke dei til noko i tilfelle det dukkar opp noko som vi MÅ ha dei til!! Eg må visst begynne å være streng med meg sjøl, så i dag gjekk det med litt av samlestoffa mine! Og litt avskjær frå eit tidlegare prosjekt( dei små rutene).
Det gjekk fort å skjære og sy sammen, og kl 9.15 i dag tidlig var løparen klar for vattering og quilting! (var oppe kl 6.00!!) Då er løparen ferdig tilskoren og klar til kanting, kanskje blir den ferdig før eg tek kvelden i dag?

tirsdag 30. mars 2010

Quilting pågår...

Påskerapport frå syrommet,..... quilting av løper er begynt, så det er håp om at denne løparen ikkje blir medlem av ufo-klubben min! Eg quiltar med stikning rundt dei svarte trekantane, og brukar eit friare bølgemønster i dei blå kvadrata. Reknar med at dette er nok quilting midt inne på løparen, kva eg gjer med sidene er ikkje bestemt enno.
Dette er baksida, litt enklare å sjå bølgemønsteret her.

mandag 29. mars 2010

Bruk pistol!

" Det enkleste er pistol", heiter det i ein song, men det passar like godt i quilteverda også. Eg har spraylim på boks ståande, men vegrar meg litt for å bruke den. Ialle fall når eg har tenkt å bruke den nyaste symaskina mi. Spraylim er visst litt "fy" å bruke fordi den skader maskina, den legg seg på viktige delar i maskina. Difor har eg kjøpt meg eit anna våpen, og dette fungerer veldig godt. Pistolen har ein spiss som ei nål, denne stikk eg gjennom stoffet før eg "fyrer av". Ein liten plastdings sit att i stoffet med mothakar på begge sider. Sjå bildet under.
Ein sparer både maskina og evt. tråkling på denne måten, og er veldig fin å bruke på store tepper også. Når quiltinga er ferdig er det berre å klippe av eine enden og dra ut. Anbefales!

søndag 28. mars 2010

Fiffig blokk!

For at eg sjølv skal huske korleis eg laga desse blokkene, så måtte eg lage meg eit lite innlegg om dette på bloggen. Kanskje andre også kan lære noko av dette òg? Eg starta med å skjære remser i to fargar, 8 og 10 cm. Sydde dei i hop med inch-labb. Cluet er visst at den eine remsa skal være 2 cm breiare enn den andre uansett kva breidde ein brukar på remsene. Deretter kutta eg dei opp på tvers i bredder på 8 cm, dvs same breidda som den smalaste remsa. Desse sette eg saman motsett veg og sydde i hop to og to.



Denne blokka skal kuttast i to på skrå, og då var det viktig å bruke 45 gr vinkelen på linjalen. Eg kom vel til at om eg hadde vore nøyaktig med vinklane på bitane, så kunne eg dra linje frå eitt hjørne via det blå "innerhjørnet" og kom ut på rett plass på den andre sida. Litt vanskelig å forklare dette, men kikk på strekane på eit bilde lenger nede.


Her er det komt på plass 2 strekar, desse skal vi sy ein saum på kvar av dei. Men før vi syr saumen, så skal vi skjære til eit kontraststoff i same str som blokka her til å legge under.

Når vi så har sydd dei to saumane, delar vi blokka midt mellom saumane og brettar ut. Og då er blokka klar!!

Finito!!

Fiffig løper under arbeid...


Eg deltok på eit kurs med Mia Øberg i mars, "Smarta remsor og fiffiga trianglar". Denne løparene sorterer under dei fiffiga triangela, og no er det håp om at den kan bli ferdig snart. Motivasjonen er ikkje til stades for tida, men eg har iallefall fått på plass kantane no, så då er quiltinga neste.

lørdag 13. mars 2010

Vårpuss!

Ein liten vårpuss på bloggen!
Jippi!! Då har Blogger endelig fornya seg og komt med nye bakgrunnsmaler med mange valg!! Har sete og leika meg med fargar og mønster lenge no, så inntil vidare ser bloggen min slik ut.