lørdag 23. februar 2013

Resteteppe

No er eg endeleg begynt å få alle lappane mine til resteteppet på plass. Ca 140 i tal!! No har dei vore lagra i posar over tid, så eg håpar at eg har funne alle no, litt surt om det plutselig dukkar opp fleire ein stad! Slike lappar er kjerkke å lage, for dette er slikt ein kan ha liggande i veska og arbeide med når det plutselig dukkar opp ei anledning. 

Dei er lagt ut over golvet på eit laken og er klare for samanhekling. Fekk hekla sammen ei rad i går,....det går ikkje fort merka eg. 

Men det skal bli fint og eit varmt sofateppe dette. Eg har for det meste brukt restar av ullgarn til dette, har kjøpt nokre fargar for å få nok variasjon i fargane. Og restar,...det er gjerne heile nøster i div. kvitfargar, men slike fargar ein ikkje kan bruke til større arbeid fordi ein ikkje får akkurat  same fargetonene om ein skal kjøpe meir trå.

Eg har laga oldemorsruter og rettstrikka ruter i blanding, noko som gjev ein fin effekt synest eg. Skal legge inn bilde når alt er ferdig, men anar det kan ta litt tid!!

søndag 3. februar 2013

Emmas lue

 Hmm, kva er det mormor vil no?
 Javisst! Ta bilde av nyelua mi! Då smiler eg til fotografen!
...og så litt sidelengs!

Ja mormor har strikka ei god vinterlue til Emma Leigh som no er blitt 3 mnd. Mønsteret er Trudes Pixielue som mange andre har strikka. Takkar for at slike gode oppskrifter vert lagt ut.

Eg har strikka i str 1 år og brukt dobbel Baby ull og strikka på pinner nr 3,5.
Brukte litt over 1 nøste.

Str 1 år passa akkurat til Emma Leigh no, så no skal eg strikke ei til i samme str og bruke pinner nr 4 for å få den litt lausare og dermed litt større.

Her har eg kopiert inn oppskrifta frå Trudes blogg:

Størrelser: ca 1 år (2år) 4 år (Kommer helt an på garn, pinnevalg og strikkefasthet.)
Strikkes i dobbel Dahle babyull, PT Panda eller lignende mykt ullgarn.  Fin måte å bli kvitt litt restegarn. Den grå er strikket i dobbel alpakka.

Legg opp med dobbel tråd på fire pinner 20 (22) 24 m på hver pinne nr 3 ½. .(Tilsammen 80 (88) 96 m )Strikk to rett og to vrang to 2-5 cm først. Strikk så to rette som før, men de to vrange strikkes sammen slik at det blir to rett og en vrang. Dette for at halsen ikke skal bli for slakk. Strikk videre til ønsket halslengde, og legg opp igjen slik at det blir to rett og to vrange. Pass på at halsen ikke blir så veldig lang for da krøller den seg. Neste runde, samtidig som du begynner og strikke frem og tilbake skal det felles seks masker foran for ansikt.(to rette, to vrange og to rette)Strikk så frem og tilbake heretter. Start med fire rette masker og følg mønsteret videre to rett og to vrang og strikk de fire siste masker rett. Snu og strikk de fire første og siste masker vrangt. Neste pinne strikker du de fire første og siste rett. Neste pinne strikker du vrangt seks masker sett fra utsiden, to rett og to vrangt til det gjenstår seks masker og strikk disse vrangt. Fortsett slik med å strikke med to masker mer hver tredje pinne og tre pinner rett og tre pinner vrangt i begge ender til det ikke er flere masker å ta med. Fell så av og sy eller strikk sammen i toppen.

lørdag 2. februar 2013

Under nåla del 2!

Under nåla del 1 stod i eit innlegg frå 7. januar i år. Her kjem det ferdige resultatet for dei som lurer på kva det vart!

Trekk til ein boks med opptenningsbrikettar!! Vart gjeve bort i presang til mor mi som fyllte år 14.1.  Ho fekk noko til,.....kjem i neste innlegg!

 Blomstermotivet er frå eit Annaka-mønster, og det vesle motivet over er laga av restane som eg klipte ut midt i blomsten!