søndag 26. januar 2014

Under arbeid no!

Akkurat no held eg på med ein løpar i teknikken Crazy quilt. Torsdag kveld hadde NLQ kurs med Marie Myklebust som viste oss sin teknikk.

Eg har laga to sortar blokker og monterer dei annankvar med lyst stoff mellom. Nytt innlegg kjem når den er ferdig!!

lørdag 25. januar 2014

Barnevottar

Det er kaldt no i januar, frå nokre få plussgrader til litt under minus. Men kald vind frå aust gjer at det kjennest veldig kaldt når ein er mykje ute.
Vesle Emma er no 15 mnd og er byrja i barnehage og treng gode og varme vottar. Eg jobbar sjølv i ein annan barnehage, og eg har erfart at små hender har det best i heimestrikka vottar, enten tova eller strikka med to trådar. Då held dei seg varme og dei får god gripeevne.
No held eg på med vottar i eit enkelt mønster. Skal prøve å forklare oppskrifta her, har laga den sjølv inspirert av nokre vottar som eg har sett.

Tråd eg har brukt er Sporty kjøpt på Nille.

Mønster:
Legg  opp 32 m på pinner nr 2,5.

Strikk brotet med 2 rette og 2 vrange ca 20 omg.
Skift til pinner nr 3,5, strikk 1 omg rettstrikk.

Mønster:
Det er same mønster på begge sidene, mønsteret går over 15 m, dvs 5 ruter. I kvar side er det strikka ei stripe over 3 m, sjå bilde. Stripa er strikka  med 3 m lilla eine omg og 1lilla, 1 kvit og 1 lilla den andre omg.


Mønsteret er så enkelt å sjå på bildet at eg ikkje forklarer det nærare.

Strikk 3 rapportar med mønster, sett 6 m på ein tråd til tommel og legg opp 6 nye bak desse.
Fortsett med mønster 3 rapportar til før du byrjar med felling. Fell på kvar side av sidestripa, dvs 4 m pr omg.  Strikk 1 omg. Fell neste omg og strikk 1 omg. No byrjar du å felle på kvar omg til  du har att max 8 m, då dreg du tråden igjennom maskene og du er ferdig!

Tommel:
Plukk opp 14 m og strikk ca 8 omg med enkel trå, fell slik: strikk to m sammen på kvar pinne, strikk 1 omg, strikk to m sammen på kvar pinne og dra så tråden igjennom maskene du har att. Ferdig!

mandag 13. januar 2014

Stoffkorg

Denne helga har det vore samsying av stoffkorg på Quiltesiden på Facebook. Eg melde meg inn på sida i helga, men ikkje tidsnok til å bli med. Då var det kjekt å oppdage at det låg mønster ute på ein blogg. På NLQ-bloggen er det info om dette.

lørdag 4. januar 2014

Barnehagevottar

På pinnane no ein tidleg laurdagsmorgon, Barnehagevottar!

Vesle Emma på 14 mnd hadde sin første dag i barnehagen i går, og fekk med seg to par med slike vottar. Så gjenstår det å erfare kor gode dei er i bruk, om dei tovar seg og om størrelsen passar. Eg har strikka str. 1-2 år, har lagt opp 32 masker. Trur eg skal prøve meg på ein str større også, og så tove dei litt i maskin.
Dei er enkle å strikke, så eg prøver meg på eit par i striper, inspirert av eit bilde eg fann på nettet.
Mønster til Barnehagevottar finn du HER.