mandag 14. juni 2021

Mariuslue



 Denne lua passer voksen, unisex.


Garn: Viking sportsragg, mjukt garn som ikkje klør!

 Pinner: 3 til brot/kant og 3,5 til resten. Liten rundpinne er best, strømpepinnee  nr 3,5 på slutten av fellinga.

Oppskrift: legg opp 120 m på P 3 , strikk 2r og 2 vr ca 4 cm.

Skift til P 3,5 og følg mønster på bilde. Auk ut 2 m i gult felt før Mariusmønster og fell to i rødt felt etter. 

Strikk 2 omg rødt etter kvit bord, så begynner felling.

Toppen deles i 9 felt og fell annakvar omg heile vegen!

søndag 24. januar 2016

Små posar!

Har sydd litt småtteri i dag,.....det var ikkje planen, men vart slik. Det byrja med at dattera kom med eit turkis stoff som skulle kuttast og faldast til gardin på badet. Då det var gjort, vart det stoff til overs,...slikt legg ein ikkje bort! Så då vart det ein liten pose til Q-tips og ein litt større til andre ting (har ikkje bilde av desse).

Sidan eg no var komt i sving så måtte vesle Emma på 3 år også få posar, rosa sjølvsagt!! Det vart ein pose til hårstrikk og ein til klemmer, og ein ekstra som eg skal ha på lur.

Til dei små posane brukte eg mønsteret frå innlegget mitt i des -14.

Så dagens spontane arbeid enda i 5 posar og ei falda gardin!

onsdag 20. januar 2016

Brikke!

Med litt press på meg sjølv har eg no sydd brikke som skal bli presang. Det vil seie ein ganske forsinka julepresang som mottakaren veit om, men som ikkje vart ferdig. Planen var klar, eg skulle lage ei brikke med 60 graders linjalen min, men design og fargar tok litt for lang tid å pønske ut.


Men i går var designet og stoffa klare, eg sette i gang og laga like godt to brikker. No blir det også ei brikke som er ferdig i god til før morsdagen, denne skal gå til mor mi då.

Denne "vindmølla" er sett sammen av remser kutta på 3". Kutta opp begge delane (kvit og rosa) før eg sydde sammen for å få dei like. Ein kan sy sammen som lange remser, men då får ein trekantar i motsette fargar, må i så fall sy to ulike vindmøller.
Kanten rundt er remser kutta i 2,5".

Quilta smal kant på alle rosa blada, på kanten rundt sydde eg tre rader med rett saum. Brukte tynn dukvatt kjøpt hos Northern quilts, denne er perfekt til slike små quiltar. Lukkekanten kuttar eg alltid 1 1/4", det passar alltid perfekt når ein brukar tynt stoff.

søndag 10. januar 2016

Varme barnevottar

Har strikka vottar til bruk i barnehage til mine to barnebarn. For ar dei skal være varme må dei være av ull og med mønsterstrikk blir dei ekstra tjukke. Selbuvottar eller likannde er med andre ord gode vottar til bruk i barnehage!!

Denne gongen valde eg å strikke Marius-inspirerte vottar med eigenkomponert mønster.

Oppskrifta mi er slik:

Garn: Ullgarn som passar til pinnar 3,5.
Pinnar: nr 3 til brotet og 3,5 til resten av votten.

Legg opp 32 m på p. nr 3, strikk 2 r og 2 vr til varngborga er ca 6 cm. Skift til p 3,5 og strikk glattstrikk samtidig som du aukar ut til 36 m. Strikk 3 omg blått før du byrjar på mønsteret som du ser på bildet.

Etter siste omg. der du brukar blå tråd set du av 7 m til tommel, legg opp 7 nye masker bak og strikk vidare til mønsteret er ferdig. Strikk 1 omg rødt før du tek til på felling. Fell 4 m kvar omg. på sidene med 2 m som "midtmasker" i fellinga.

Tommel:
Plukk opp til sammen 16 m, men fell sammen to i kvar side på 2. omg slik at du har 14 m til tommelen. Strikk 12 omg og fell deretter sammen 2 og 2 m til du har att 5-6 masker og dra tråden igjennom.

lørdag 2. januar 2016

Baby selbuvotter

På pinnane no er det baby Selbuvotter til mitt vesle barnebarn som vart fødd 21.12.15. Han treng nok varme vottar no når han skal på mange turar ut i den norske vinteren.


Eg brukar oppskrifta frå bloggen til Martine og strikkar med Dale Baby ull på pinnar nr 2,5.

søndag 8. februar 2015

Norma Jeane veske!

Er no ferdig med veska "Norma Jeane", mønster frå MyQuilt 1/14.

Denne veska fekk mor mi i julegåve, ikkje heilt ferdig då, men no er alt på plass! Grei veske, men om eg skal sy fleire, så skal eg lage den litt djupare.

fredag 2. januar 2015

UFO nr. 2!

Er aldeles imponert over meg sjøl! Er no i gang med ufo nr. 2 etter at eg gjorde ferdig nr. 1 i går!! Bildet av den får komme når det blir dagslys att.

No er det nok ein løpar i arbeid, den må quiltast ferdig og få lukkekant. Modellen er frå eit kveldskurs med Siv frå Lappestua-Eid,....for lenge sidan!

Fleire bilder kjem vel så fort den er ferdig,.....  her må det syast!!

torsdag 1. januar 2015

God start!

Eg må vel seie meg godt nøgd med det nye året, for no er eg i gang med ein gammal ufo! Som regel har ein eit mål med det nye året, og ufoar har vore på lista mi kvart år. Men eg er vel ikkje åleine om å bli frista av andre og nye endå kjekkare ting å styre med, og kanskje kjøpe nye stoff som ein må lage noko av først.......

Denne ufoen er frå eit kurs med Hilde Neset i 2008, Dobbelsidig Weekend, og den har vore i ein pose leenge,...i påvente av at eitt av stoffa som eg brukte til samansying skulle dukke opp att. Slik går det når ein berre låner eit stoff frå ein pose med ein påbegynt quilt, ein trur at ein huskar å legge på plass att, men men......

No har iallefall stoffet dukka opp, og eg byrja å sy før det lysna i dag. Her blir det sydd på maskin, med ein teknikk der ein syr saman delar med stoff på begge sider, og syr med hand siste kanten. Anar ikkje om det er namn på denne teknikken, men den er iallefall praktisk til løparar som er sydd i blokker der den kan brukast på begge sider.


Den kan også med stor fordel brukast til å sy saman store tepper. Då kan ein quilte det ferdig i små delar, og så bruke denne teknikken til å sy det saman til slutt. Teppet på bildet over er laga av Anne Marie som er medlem i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb, ho har brukt denne teknikken på dette store teppet. Ho tipsa også redaktøren i My Quilt der mønsteret kjem frå, om å bruke denne teknikken, dette vart teke med i eit av blada seinare. HER finn du fleire bilder av dette flotte teppet.

Tek gjerne imot tips dersom nokon har namn på denne teknikken!!

Herr og fru Peparkake!

Herr og fru Peparkake flytta inn i heimen til Oline rett før jul! Dei kom frå eine quilteheimen til den andre,....gjeven bort av 2ne!
Eg var så heldig å bli den som fekk denne fine posen som var laga til ein peparkakeboks. 2ne hadde "gje bort" på bloggen sin, og denne flotte posen med heimelaga peparkaker ville ho gje vekk. Tusen takk til 2ne, og eit godt sytips til neste jul!!


tirsdag 30. desember 2014

Santa!


Dette er ei av julegåvene eg sydde, eit teppe mad mange "believes" , eller på norsk, alt det gode ein trur på, blant anna julenissen!!

Teppet var ei perfekt julegåve til svigerson min som er frå USA, og no gleder han seg til neste jul då han kan henge det opp i eige hus!!
Teppet var veldig enkelt å sy,.....for det er eit ferdig kjøpt panel. Så det var kun å vattere og å quilte litt som var jobben! Lappestua-Eid hadde dette og mange andre fine panel med julemotiv. HER i dette innlegget  finn du bilde av nokre av dei.

fredag 26. desember 2014

Tildabilde

Dette tildabildet har eg laga i julegåve til mitt vesle barnebarn på 2 år, Emma Leigh.



Mønsteret er frå Tilda si julebok frå 2003 og er egentleg ein adventskalendar.
Det einaste som skal til for at denne som eg har sydd skal bli kalendar, er å sy på 24 knappar. Akkurat det er eg ikkje sikker på om eg vil gjere, for eg synest at det passar vel så bra som eit bilde til å henge på veggen.

 Rudolf er sjølvsagt raud på nasa!!
Bildet er sydd av linstoff, noko som gjer at det gjerne blir litt bølgete. Det er mulig at eg quiltar litt meir seinare, men iflg mønsteret, så er det ikkje quilta meir. Nokre stjerner her og der eller kvite stjerner som snøfnugg kunne være ein måte å quilte meir på.


torsdag 25. desember 2014

Liten pose!

Nokre av mine venner fekk ein slik liten pose til Q-tips i julegåve. Enkle å lage, og dekorative på badet.


Ideen og mønsteret til denne kjem frå bloggen Pia si sia. Ho har kalla den Fullfartkurv, og har lagt ut ein nøyaktig steg-for-steg framgangsmåte. Tusen takk til deg Pia!!

lørdag 8. november 2014

Stjerneblokker

Er no i gang med litt planer og arbeid med årets julegåver, sjølvsagt heimelaga til flest mogleg!

Har lært å sy "Disappearing hourglass" og synest at denne stjerneblokka egnar seg fint til løparar.


Så her skal det bli både adventsløpar ( til neste års advent må det bli for mottakaren!!) og heilårsløpar.
Inspirasjonen og framgangsmåte ligg HER!

søndag 2. november 2014

Ferdig toalettveske!

Planen frå forige innlegg er i boks, toalettveska er ferdig og overlevert til jubilanten. Til STOR glede, for denne fall verkeleg i smak hos henne, og det gledar også produsenten!!


Ein kjekk modell å sy, så det vert nok ei på meg sjølv også ein dag.

søndag 28. september 2014

Planer!

Er i gang med planlegging av ei toalettveske som skal bli ein presang! Mønsteret er av Elin Roland.
Her blir det litt applikasjon og litt blonder.