mandag 18. november 2013

Babyvotter

Oline er farmor til vesle Sander som no skal møte sin første vinter. Gode heimestrikka vottar som sit godt på, skal bli ei lita julegåve til guten.

Ideen til vottane fann eg på bloggen til Hjemmelaget, her er det oppskrift på Barnehagevotter. Eg har endra på oppskrifta, tilpassa den tråden eg brukte.

Eg har brukt Dale baby ull, farge nr 2621 til desse vottane, og eg har strikka dei utan tommel. Fargen på bildet er litt gul fordi eg har teke bildet under lysrør.


Oppskrifta mi:

Pinner nr 2,5.

Legg opp 42 m, strikk 2 riller (dvs. 4 pinner att og fram med rettstrikk).
Ta maskene over på 4 pinner og strikk glattstrikk rundt og rundt  20 omg. Fell 1 m på kvar pinne, du har no 38 m . Strikk 2 omg rett.
Skift til pinne nr 2 og strikk ribbestrikk; 1 rett og 1 vrang 8 omg.
Skift tilbake til pinne 2,5 og strikk 18 omg glattstrikk før det felles 2 m i kvar side (4 m pr omg.) på annakvar pinne. Når du har felt 5 ganger, så fell av kvar omg og strikk til slutt 2 og 2 m sammen. Dra tråden igjennom dei siste 6 m du står att med .


lørdag 9. november 2013

Buggy Barn del 2

Då har eg jobba iherdig denne formiddagen, og no er alle blokkene klare til sammensying!

Buggy Barn hjerter!

I haust gjekk eg på eit Buggy Barn kurs v/Marie Myklebust frå Gloppen der vi fekk lære å sy hjerteblokker.
Det tek tid å sy mange blokker, 30 stk vart det på meg, og no er eg klar til å reinskjære dei og sy sammen til eit teppe.
Eg likar godt denne hjerteforma, litt stilisert og anvendelig til både tepper, veggbilder, løparar og dekor! Blir nok fleire slike!

fredag 8. november 2013

Rocky Mountain

På klubbmøtet  i Nordfjord lappe- og quilteklubb i oktober fekk vi lære å sy blokka Rocky Mountain.

Ingun frå Primula Design viste oss teknikken, og vi var mange på møtet som hadde med oss symaskin og fekk prøvd ut dette. Ingun hadde laga modell og  materialpakkar, og no nyleg vart eg ferdig med brikka mi.

torsdag 7. november 2013

Trepinneetui!

Siste året har eg nok strikka meir enn eg har sydd, og eg strikkar framleis. Sjølv om eg heilt sikkert har nok pinnar til strikkinga mi frå før, så har eg kjøpt fleire i det siste. TREPINNAR! Det er så mykje betre å strikke med desse pinnane at eg har valt å kjøpe ulike tjukkelsar etter kvart som eg byrjar på nye strikk. Og det er ganske ofte!!!!

Pinnar som lurer seg bort i all tråden min og i posar, er typisk meg, så då måtte eg berre lage meg eit etui for berre trepinnane mine. Inspirasjonen fann eg på bloggen til svenske Svarta Malin, men måla til mitt etui måtte eg tilpasse mine pinnar.

Her er oppskrifta på etuiet mitt:

Du treng eitt stoff til framside og eitt til for. Eg har applikert eit anna stoff på som dekor.

Klippemål:

2 stoff på ca 12 x 17 inch
 Vrangsy stoffa og vreng gjennom ei lita opning på den delen som skal være nedbretten.
 Tilpass høgda på lommene ved å plassere ein strikkpinne. Sy ei smal stikning rundt heile kanten, men ikkje nederst. Dvs at du startar nede til venstre på bildet over, syr oppover, rundt kanten oppe der det også er ei lita opning som du skal sy igjen, og så nedatt på høgresida. Husk å putte inn hempe til knappen her på eine sida, sjå bilde lenger nede. Dette gløymde eg, så eg måtte sprette opp att og putte hempa inn i kanten og sy ein gong til.
Merk opp med forsvinningstusj der du vil ha lommene. Lag smale lommer til dei tynnaste pinnane, litt breidare frå pinnar på 4 mm.

Eg har pynta med namneetikett.
På venstre sida ser du hempa til knappen.
 Pinnane passar fint i lommene!

 Eg likar å ha litt pynt på, denne blomsten applikerte eg for hand. Og då måtte det også bli ein blomsterkanpp! Øverste bildet i innlegget viser koleis det ser ut når det er bretta sammen.

Lykke til om du også vil sy noko liknande! Skriv gjerne ein kommentar om du lagar, kjekt å sjå andre idear også!!