mandag 20. februar 2012

Husbygging!


Eg byggjer meg hus, i går bygde eg 3 stk! Hus av restar, blå restar til kalde vinterhus med snø på taket.
Inspirasjon kjem frå prosjektet Building houses from scraps der ei utruleg ivrig sjel har tenkt å byggje 366 hus i år, eitt for kvar dag. Mange har blitt med på dette, og på bloggen viser nederlandske Janneke fram kva ho og andre har sydd. Ein kjekk møteplass for husbyggjarar!!Eg har ikkje som mål å lage hundrevis av hus, 3 er ein fin start, og med nokre til så kan dette bli ei lita bygd,........ ein miniquilt!
Teknikken er papirsaum, og den ferdige blokka er berre 3 inch!

søndag 12. februar 2012

Kontroll på kontrollen!


Ein kontrollholder vart produsert nyleg! Eit bestillingsoppdrag, men også ei gåve! Far min var 80 år i går, og då eg spurde han kva han ynskte seg , så hadde han alt. Men ein halv time etterpå ringde han til meg og sa kva han hadde bruk for; ein holdar til fjernstyringa til TV-en! Og han visste nok at eg kunne lage noko som han kunne bruke.På grunn av dårlege bein og rygg har han vore rullestolbrukar i 7 år og siste året har han budd på eit eldresenter. Då er det nok ikkje så mykje ein har bruk for i det daglege, og på rommet sitt har han det meste. Ja, trur jammen eg kunne flytta inn om eg fekk med meg symaskina mi, for han har TV med mange kanalar, bærbar pc , radio og mobil! Hadde vore som eit hotellopphold for meg å være der ein weekend!
Men for ein som sit i rullestol må visse ting være lett tilgjengelige. Så far min ynskte seg ein holdar som han bla. kunne henge på veggen nær senga, for då hadde han kontroll på kontrollen. Eg har laga ei hempe til å henge opp i, i tillegg fekk han med eit nøkkelband med karabinkrok på. Då kan han ha den rundt halsen når han sit i rullestolen, og slepp at kontrollen hamnar på golvet. Så dette vart eit produkt for full kontroll!!