lørdag 7. desember 2013

Flaskesmoking

No har eg endeleg prøvd meg på flaskesmoking! Har hatt mønsteret liggjande lenge, og no hadde eg bruk for ein fin presang til ein herremann!
Ikkje så godt bilde akkurat, dårleg lys inne og snøver ute, då er det best å holde seg på innsida!! Men er fornøgd med produktet mitt, ser at modellen passar både til vinflaske og ei Baileys!! Eg kjem nok til å lage fleire no når eg fann ut korleis eg skulle sy denne.