søndag 28. november 2010

Jule-peparkakeform-poser!

I dag har eg sydd årets første julegåver, posar til peparkakeformer. Eg sydde slik pose til meg sjølv i fjor, og tykte dette var mykje koselegare oppbevaring enn i ein sliten plastpose. Posen som eg sydde i fjor var større enn desse, for det har samla seg ganske mange former etter nokre år som julekakebakar! Difor tenkte eg at no skulle eg følge heilt oppskrifta på poser som Timotei har lagt ut på bloggen sin. Eg fann fort ut at desse posane vart for små til mitt formål, så eg auka klippemålet til 27 x 35 cm. Men elles så følgde eg for det meste oppskrifta til Timotei, så mange takk til henne og alle andre som deler sine mønster og erfaringar med oss andre.
Før eg sydde saman posen, monterte eg på eit stitcherymotiv. Motivet har eg sydd med attersting og mønsteret er frå peparkakeformer. Det ferdige motivet strauk eg inn kantane på, festa det med nåler og sydde det fast med kvit rettsaum. Brukte 1/4 inch-labben til dette.

I neste runde skifta eg til raud overtråd, fann fine sting på symaskina og sydde ei fin rad med sting oppå den kvite saumen. Litt tungvint kanskje, men det er lettare å sprette opp att ein rettsaum om det skulle bli skeivt ved første montering. Eg brukte same 1/4 inch labb til dette, då sikra eg at saumen vart oppå den andre.


Tre posar vart det i dag, kanskje vert alle julegåver?


torsdag 11. november 2010

Buggy Barn

No har Oline vore på eit kjekt og effektivt kurs. Eit 4-timers Buggy Barn-kurs der eg fekk sydd ferdig 9 blokker på ca 3,5 t. Har ikkje prøvd denne teknikken før, men den liknar på det vi kallar "stack and slash". Kva det skal bli av lappane mine, veit eg ikkje enno, men håpar at dei ikkje blir ein ny ufo!
Teknikken var ganske enkel, iallefall når nokon hadde prøvd den ut og gav sine gode råd og erfaringar til oss. Mønsteret vart tegna på frysepapir , to stk, vi strauk på eitt på kvar bunke med fargar, deretter vart stoffa delte først i A, B og C deler. Desse delte vi så opp i bitar etter strekane. Bunkane med stoff vart så stokka om. Først bytte vi om "heile stjerna" med den andre bunken, deretter vart så alle bitane stokka om. Til denne stjerna passa det best med 10 stoff av kvar farge.
Vi kunne bruke stoff i 30 cm bredde til dette (dei fleste av mønstrene til Buggy Barn krev større stoff) kvadrata vi starta med var 10 x 10 inch. Etter at alt var sydd saman igjen, kunne vi reinskjære til ei blokk på ca 7,5 x 7,5 inch.Kursholdar var Elin T. Grov frå Gloppen Lappe- og quilteklubb. Bilda under her er hennar modellar.

mandag 8. november 2010

Oline syr.....

Oline er visst på vei ut av sydvalen. Dei utallige ufoane mine som ligg og roper etter hjelp er det også blitt håp for. Iallefall en av dei,... den dobbeltsidige juleløperen som har vore på vent i 1,...2... eller kan det være 3 år??
Dei 2 øverste bilda viser for- og bakside av den eine blokka som vart ferdig på kurset. Denne helga har eg sydd ferdig dei 8 blokkdelane som mangla, desse skal setjast sammen til 2 blokker slik som den som er ferdig. Då er det mulig at Oline kan få eg en ny juleløper, rød til jul og lys beige og lekker til variasjon i denne høgtida.
Fargane på denne beige blokka er litt gule, det kjem av at eg ikkje brukar blitz i kveldslyset, men legg arbeidet under lysrørlys på kjøkkenbenken og tek bilde der.