fredag 6. april 2012

Orden i sysakene!


Oline jobber med å få orden i sysakene! Eit heilt batteri med merka boksar skal no hjelpe meg å sortere småbitar etter størrelse. Boksane er snopboksar som eg har fått frå ein butikk, og merkelappane er laga ut frå dei størrelsane eg trur eg kan få bruk for.
Dette flotte tipset fekk vi av Nancy Eriksen då ho heldt kurs hos oss i vinter. Ho brukar å samle bitar, striper og lukkekantar i merka boksar. I tillegg så kuttar ho opp små restar som ikkje er brukandes til noko. Ho kuttar dei i kvadrat, og utnyttar alle bitar, først store kvadrat, og så mindre og mindre, ...heilt ned i 1 inch sa ho.Vi hadde eit kurs med henne som heiter "Resteteppe", og det er akkurat dette det handlar om. For ho sa at når ho ser at det er begynt å bli nok lappar i boksen, ja då kan ho byrje på eit teppe!! Så heretter håpar eg å få fyllt opp i boksane mine litt etter litt!