onsdag 2. november 2011
Tova vottar
søndag 2. oktober 2011
Wallenborg-kurs!
Denne helga har eg vore på eit utruleg lærerikt kurs med Andrè Wallenborg. Vi har sydd ei lommebok-veske. Ei kombiveske, lita nok til å være lommebok til å ha i veska, men også så stor at den kan brukast som selskapsveske.
Vart veldig fornøgd med veska mi, og no fekk eg brukt det fine stoffet som eg kjøpte i sommar. Passa perfekt til dette syns eg.onsdag 7. september 2011
3-dimensjonal hexagon
Så vart Oline ferdig med prosjektet sitt akkurat tidsnok. Ei nålepute med 3-dimensjonal hexagonblomster til pynt. Og resultatet vart ganske bra synest eg. 2 lag med blomster i ulik str lagt oppå kvarandre, kronblada vart stappa med litt fyllvatt.
tirsdag 6. september 2011
Oline jobber med hexagon!



torsdag 7. juli 2011
Feriemodus....
Oline ferierer no. Endelig. Og det er tid til å reise bort frå regn og lavtrykk i kø. Og så langt har planen om å finne sommaren fungert flott. Har sett sola kvar dag sidan eg for heimanfrå og i skrivande stund skin sola enno,...lavt, stille og varmt ute, 19,4 gr. Som de ser må eg gjere på noko i ferien òg, og når ein så kryssar norskegrensa, så passar det flott å strikke på norske Flaggvottar! Så mens Oline er den levande GPS for sjåføren, så går det også unna med strikkinga på fine raske vegar!
Er snart ferdig med første votten, men blir det for varmt, må nok ulltråden få vente litt!tirsdag 28. juni 2011
Matblogg

torsdag 23. juni 2011
Bryllupsteppet
Då er brudeparet (min eldste son) godt gifte og er i skrivande stund på bryllupsreise i det store quiltelandet USA. Men reknar med at dei ikkje ser ein einaste quilt der, berre kvarandre!
Dette teppet er ikkje i sengeteppestørrelse, men er eit koseteppe til sofaen for to, megaromantisk med hjerter i fleng! Både i teknikk og i quiltemønster.
Som vanleg jobbar Oline best under press, og typisk meg så jobbar eg med det eg skal gje bort heilt til siste nikk. Dagen før bryllaupet vart quilten ferdig! Det som gjorde at eg vart så sein kom av to ting:
- Fleeceteppet eg hadde kjøpt til baksida ,viste seg å være 10 cm for kort då eg skulle til å quilte!
- Eg hadde tenkt å quilte berre i saumane, men kom etter kvart til at det vart mykje finare med tett quilting.
Då var det å leite etter eit passande fleeceteppe igjen! Valet fall på eit frå Kid, og det var nok skjebnen det! For då eg skulle legge toppen på fleeceteppet, vart eg nesten nervøs, var det for kort igjen?? For målet var oppgitt med dei "holete" endane. Berre få cm med glatt fleece viste på begge endane. Kva om fleecen drog seg ved quiltinga så hola vart på baksida??
Etter kvart såg eg at dette kom til å passe bra, og det var berre å klippe av blondekanten etter ferdig quilting. Blondekanten ja,....... den var då egentleg fin, men blondekant på ein quilt?? Det hadde eg aldri sett før,..... kunne det gå an?
Men sidan dette skulle vere romantikk de luxe, så kom eg til at blondekanten skulle vere med, og det er eg no glad for. Synest det vart veldig fint og at det passa flott til teknikken og framheva symbolikken i det heile.
fredag 3. juni 2011
Hjerteteppet i Buggy Barn teknikk
Det ser ut til at Oline kjem i mål med teppet, no er toppen klar og quiltinga er begynt. Baksida er eit fleeceteppe fordi dette skal bli eit koseteppe for to nygifte. Så om det blir kjølig ut på kvelden på pinsafta, ja så er det berre å krype under eit varmt og godt teppe.Det kjem bilde når det er heilt ferdig!
søndag 22. mai 2011
Buggy Barn blokker
søndag 17. april 2011
Buggy-Barn-hjerter
Olines plan er i gang, omsider. Planen har eg jobba med og sove på i minst 4 mnd no, og det begynner å haste litt! For planen er å få til eit fint koseteppe til å gi bort før sommaren starter!
Har ikkje mønster til denne blokka, men den er enkel i designet og Buggy Barn-teknikken lærte eg på eit kurs i quilteklubben vår hausten 2010. Her finn du innlegget om dette kurset.
Kor stort teppet skal bli, anar eg ikkje. Først skal eg sy blokkene, deretter lage breie rammer rundt kvar blokk, og så får eg sjå korleis det passar med størrelsen og måla på blokkene. Følg med, skal love å blogge når det er meir å sjå!fredag 1. april 2011
Handquilting
Oline jobber med saken,.... hadde innlegg om dette teppet 27.2.11, men er nok ikkje ferdig enno. Men mine planer er omfattande, mykje handarbeid på kvar blokk. Det er kjekt å quilte med hand, aller kjekkast når det ikkje er beine linjer, for då må Oline være veldig pirkete!! Det går likevel framover med lappane, har berre 6 igjen før eg kan ta til med samansyinga,.....for hand!! torsdag 24. mars 2011
Nåletui
søndag 27. februar 2011
UFO-arbeid!

Det vil nok gå både dagar og veker før denne ufoen vert ferdig, for etter at eg har quilta ferdig, så skal eg sy dei saman for hand. Men då er også teppet ferdig, for alle lappane har ferdig bakside.torsdag 3. februar 2011
Veskesying!
Det er lenge sidan siste innlegg no, men Oline syr litt likevel. I januar sydde eg denne veska til mor mi. Ei veske som kan vere både handleveske og fin nok til å være "gå-bort-veske".
Ei Coop-reklame kan nyttast til mangt,......... mønsteret har eg laga etter inspirasjon frå bloggen til Lise.










