Dette teppet er ikkje i sengeteppestørrelse, men er eit koseteppe til sofaen for to, megaromantisk med hjerter i fleng! Både i teknikk og i quiltemønster.Som vanleg jobbar Oline best under press, og typisk meg så jobbar eg med det eg skal gje bort heilt til siste nikk. Dagen før bryllaupet vart quilten ferdig! Det som gjorde at eg vart så sein kom av to ting:
- Fleeceteppet eg hadde kjøpt til baksida ,viste seg å være 10 cm for kort då eg skulle til å quilte!
- Eg hadde tenkt å quilte berre i saumane, men kom etter kvart til at det vart mykje finare med tett quilting. Då var det å leite etter eit passande fleeceteppe igjen! Valet fall på eit frå Kid, og det var nok skjebnen det! For då eg skulle legge toppen på fleeceteppet, vart eg nesten nervøs, var det for kort igjen?? For målet var oppgitt med dei "holete" endane. Berre få cm med glatt fleece viste på begge endane. Kva om fleecen drog seg ved quiltinga så hola vart på baksida??
Etter kvart såg eg at dette kom til å passe bra, og det var berre å klippe av blondekanten etter ferdig quilting. Blondekanten ja,....... den var då egentleg fin, men blondekant på ein quilt?? Det hadde eg aldri sett før,..... kunne det gå an?
Men sidan dette skulle vere romantikk de luxe, så kom eg til at blondekanten skulle vere med, og det er eg no glad for. Synest det vart veldig fint og at det passa flott til teknikken og framheva symbolikken i det heile.
Nydelig ble det! Herlige farger! Jeg blir bestandig imponert over (og litt misunnelig på) dere som er såååå flinke med farger. :o)
SvarSlettKjempefin!
SvarSlettGode fargar og artig blondeløysing!
- tidspress fører stundom til betre val enn om vi hadde fått det slik vi eigentleg hadde tenkt!
Nydelig teppe. Brudeparet må være fornøyd med en slik flott gave :-)
SvarSlettSå flott et teppe og med gode, inspirerende bilder. Jeg legger deg inn på blogglista mi så jeg kan følge deg videre. Hilsen Siri:-)
SvarSlett