tirsdag 28. juni 2011

Matblogg



Når Oline ikkje syr,......så et ho litt (vel,...når det er langt mellom innlegga, så pågår det ikkje matorgie altså!!). Både kjøpemat og egenprodusert!

Tidlegare hadde eg bloggen Julianns Tid der det var ein mix mellom mat, quilting og interiør. No saknar eg litt mine eigne oppskrifter og bilder av det eg har laga, så då vart det ryddigast å opprette ein eigen matblogg. Den har fått namnet Oline baker .


Det vil ta litt tid å få på plass alle dei gamle oppskriftene og bilda frå gamlebloggen, men litt nye kjem det vel etter kvart også. Om andre får nytte av det eg legg ut, vil tida vise, men det er alltid kjekt om de som er innom, vil legge att kommentarar.


Ang. kommentarar generelt: Har snakka med mange bloggarar om dette, og alle saknar meir kommentarar! Så vi må skjerpe oss alle, i bloggeverda som elles er det viktig å bli sett, og helsa på, så om ikkje meir enn eit par ord under kommentarar vil gjere at vi veit vi betyr noko for andre også!!

1 kommentar:

  1. Takk for sist! Det skal bli kjekt å følge matbloggen din, du lagar mykje godt. Bakar ofte "Bestemors kringler", den oppskrifta fekk eg for mange år sida med deg. Kjekt med kommentarar, eg er ikkje flink til det.

    SvarSlett