søndag 28. november 2010

Jule-peparkakeform-poser!

I dag har eg sydd årets første julegåver, posar til peparkakeformer. Eg sydde slik pose til meg sjølv i fjor, og tykte dette var mykje koselegare oppbevaring enn i ein sliten plastpose. Posen som eg sydde i fjor var større enn desse, for det har samla seg ganske mange former etter nokre år som julekakebakar! Difor tenkte eg at no skulle eg følge heilt oppskrifta på poser som Timotei har lagt ut på bloggen sin. Eg fann fort ut at desse posane vart for små til mitt formål, så eg auka klippemålet til 27 x 35 cm. Men elles så følgde eg for det meste oppskrifta til Timotei, så mange takk til henne og alle andre som deler sine mønster og erfaringar med oss andre.
Før eg sydde saman posen, monterte eg på eit stitcherymotiv. Motivet har eg sydd med attersting og mønsteret er frå peparkakeformer. Det ferdige motivet strauk eg inn kantane på, festa det med nåler og sydde det fast med kvit rettsaum. Brukte 1/4 inch-labben til dette.

I neste runde skifta eg til raud overtråd, fann fine sting på symaskina og sydde ei fin rad med sting oppå den kvite saumen. Litt tungvint kanskje, men det er lettare å sprette opp att ein rettsaum om det skulle bli skeivt ved første montering. Eg brukte same 1/4 inch labb til dette, då sikra eg at saumen vart oppå den andre.


Tre posar vart det i dag, kanskje vert alle julegåver?


1 kommentar:

  1. Dette var en smart ide, for formene har jo en tendens til å bre seg utover der de oppbevares. Flotte poser var det også !

    SvarSlett