fredag 14. mai 2010

Bunadskjortepose

På siste møtet i quilteklubben fekk vi sjå ein kjempefin ide, Inger K hadde med seg ein pose ho hadde sydd til bunadskjorte. Designet var enkelt, men dekoren var heilt nydelig. Du finn bilder her.Inger hadde brukt brodering med silkeband, noko som eg ikkje kan, så difor har eg laga til min egen dekor, inspirert av Leanns blomstermotiv. Og då var det naturleg med lyse pastellfargar. Rosa blomster er komt på plass, no held eg på med det grøne til stilker, trur eg òg skal ha ein grøn tone i teksten Bunadskjorte og namnet på eigaren.

Kjekt å få bruke litt av dei mange fine fargane med moulinegarn som eg har samla meg. Og til eit så lite broderi er det fint å bruke av alle dei små lause trådane som vi heller ikkje har råd til å kaste. Dei blir som regel liggande i ei lita "ruske", men no kom nokre av dei altså til nytte.

1 kommentar: