fredag 14. mai 2010

Bunadskjortepose

På siste møtet i quilteklubben fekk vi sjå ein kjempefin ide, Inger K hadde med seg ein pose ho hadde sydd til bunadskjorte. Designet var enkelt, men dekoren var heilt nydelig. Du finn bilder her.Inger hadde brukt brodering med silkeband, noko som eg ikkje kan, så difor har eg laga til min egen dekor, inspirert av Leanns blomstermotiv. Og då var det naturleg med lyse pastellfargar. Rosa blomster er komt på plass, no held eg på med det grøne til stilker, trur eg òg skal ha ein grøn tone i teksten Bunadskjorte og namnet på eigaren.

Kjekt å få bruke litt av dei mange fine fargane med moulinegarn som eg har samla meg. Og til eit så lite broderi er det fint å bruke av alle dei små lause trådane som vi heller ikkje har råd til å kaste. Dei blir som regel liggande i ei lita "ruske", men no kom nokre av dei altså til nytte.

søndag 9. mai 2010

Mormors toalettmappe

Forige helg fekk eg virkelig sydd i vei, og heilt utruleg,.......det vart ingen UFO av det eg begynte på!!! Som bildet viser var det Mormors toalettveske av Bente Malm eg sydde. Mønsteret var detaljert og omfattande, men resultatet vart flott. Vi var to som sydde denne modellen i lag, og det var lurt trur eg, for vi løyste dei små problema vi møtte etter kvart.
Vi var fleire som sydde og kosa oss i lag, sjå berre her kor mykje fint vi laga!! Til dekoren prøvde eg meg på å bruke forsvinningsplast. Eg brukte litt div. trådar, silkeband og ein bit av ei hekla bord under plasten og sydde på kryss og tvers på plasten, nok til at bitane mine under var på plass. Etterpå skylte eg det i rennande lunka vatn til all plast var borte! Litt Hokus Pokus dette! Men etterpå strauk eg det tørt og flatt før eg quilta det fast til bakgrunnsstoffet.



Modellen til desse to er henta frå ei bok, skal legge ut tittelen når eg finn boka.

onsdag 28. april 2010

Ufo-stafetten rusler videre...

.....om ikkje så superfort, så går det iallefall framover. Denne løparen har vore på vent lenge, så det var godt å få den under nåla no.
Den er ganske lang, har ikkje målt den enno, men den rekk over heile spisebordet mitt.

Fargane er kalde, så dette blir nok ein vinterløpar trur eg. Kanskje kan den bli blå juleløper???

onsdag 21. april 2010

"Blomsterløper"

Så vart også denne ufoen min ferdig,.....ein "Blomsterløper" frå eit kjekt kurs med Randi Røys. Her heng løperen på utstillingssnora vår på siste klubbmøtet vårt i april.
Applikerte brune roser og med påsydd dekortrå under.


Av og til tek det lang tid å få ferdig lukkekanten, men når det er sol og varmt i sørveggen, så er det fint å sitje ute med slikt arbeid. Dette bildet er frå siste påskedagen, då varma sola så godt at eg kunne sy litt ute igjen. Herlig når utesesongen for sying har starta att!!


lørdag 3. april 2010

På`n igjen...

Her går det så det susar, nokre turar på fjellet på dagtid, svingar i hop litt kaker og kveldsmeny på kjøkkenet, og så er eg i gang med neste prosjekt innimellom!
Denne løparen begynte eg på då eg gjekk på kurs med Randi Røys, men kom ikkje lenger på kurset, og i heimen var det andre ting å ta fatt på..... så då vart den liggande.
No har eg sydd på ein tjukk dekortrå, oppå den skal eg applikere nokre blomster. Men no er det blitt påskekrimtid og litt sofasitjing, så då blir det vel til at Oline dubbar av igjen....

F-F-F!

Å nei då du,...dette er ikkje forkorting for dei stygge orda som ikkje kan skrivast. For dette er F for Fryd fordi FIFFIG løper er FIKS FERDIG!! ...og mens Oline er i siget, så hiver ho seg no på neste UFO som ligg og ventar. Du verden kor mykje eg kunne ha fått gjort om påskeferien var dobbelt så lang......

torsdag 1. april 2010

Løper er på plass!!

Eg MÅTTE berre legge ut endå eit bilde, for no er løparen min heilt ferdig og det er endelig vårstemning på bordet mitt. Så no er det neste prosjekt som står for tur! ...og kanskje ein påskekrim og litt attåt.......:).
God påskekveld til alle som er på ein liten påskevisitt til meg!!

Dette er ingen spøk....

.......for jammen ser det ut til at løparen min skal bli ferdig snart. Eg trudde eg skulle få sydd ferdig kanten i går kveld foran påskekrimmen og med eit lite glas med drivstoff,.... men det gjekk nok ikkje. Oline som ikkje er van å sitje i ro, seig etter kvart ned i sofaen og sovna før krimgåta var løyst. Typisk Oline! Men i skrivande øyeblikk er det kun 50 cm med kant å falde, og eg reknar ikkje med å sovne no.......
Og med nytt pågangsmot har Oline starta med April-blokka som quilteklubben vår deler ut kvar månad også! Eg driv klubben sin blogg, NLQ Photo, så i dag har eg lagt ut mønsteret til denne blokka.
Oline er imponert over seg sjøl akkurat no når det gjeld sying,....verre er det med husmoraktivitetane,... her her fullt av andre kaniner rundt omkring her ser eg, så denne aprilkanina er i godt selskap. Reknar med at stovekaninene mine gøymer seg når sola går ned....

onsdag 31. mars 2010

Midlertidig sylyst???

Ei akutt sylyst kom i dag tidlig,...merkelig, men det var vel mangelen på ein passeleg påskeløpar som gjorde dette. Eg har ikkje heilt sansen for kjøpte påskedukar med kyllingar på, og å sy i gult har eg heller ikkje gjort før. Eg forbinder våren med lyse pasteller, og då måtte eg berre lage noko som matcha det eg hadde lyst på.

Stoff har vi quiltarar rikelig av, vi kjøper og legg i lad i skuffer og korger, skal ha dei til noko spesielt trur vi, og så har vi ikkje råd å bruke dei til noko i tilfelle det dukkar opp noko som vi MÅ ha dei til!! Eg må visst begynne å være streng med meg sjøl, så i dag gjekk det med litt av samlestoffa mine! Og litt avskjær frå eit tidlegare prosjekt( dei små rutene).
Det gjekk fort å skjære og sy sammen, og kl 9.15 i dag tidlig var løparen klar for vattering og quilting! (var oppe kl 6.00!!) Då er løparen ferdig tilskoren og klar til kanting, kanskje blir den ferdig før eg tek kvelden i dag?

tirsdag 30. mars 2010

Quilting pågår...

Påskerapport frå syrommet,..... quilting av løper er begynt, så det er håp om at denne løparen ikkje blir medlem av ufo-klubben min! Eg quiltar med stikning rundt dei svarte trekantane, og brukar eit friare bølgemønster i dei blå kvadrata. Reknar med at dette er nok quilting midt inne på løparen, kva eg gjer med sidene er ikkje bestemt enno.
Dette er baksida, litt enklare å sjå bølgemønsteret her.

mandag 29. mars 2010

Bruk pistol!

" Det enkleste er pistol", heiter det i ein song, men det passar like godt i quilteverda også. Eg har spraylim på boks ståande, men vegrar meg litt for å bruke den. Ialle fall når eg har tenkt å bruke den nyaste symaskina mi. Spraylim er visst litt "fy" å bruke fordi den skader maskina, den legg seg på viktige delar i maskina. Difor har eg kjøpt meg eit anna våpen, og dette fungerer veldig godt. Pistolen har ein spiss som ei nål, denne stikk eg gjennom stoffet før eg "fyrer av". Ein liten plastdings sit att i stoffet med mothakar på begge sider. Sjå bildet under.
Ein sparer både maskina og evt. tråkling på denne måten, og er veldig fin å bruke på store tepper også. Når quiltinga er ferdig er det berre å klippe av eine enden og dra ut. Anbefales!

søndag 28. mars 2010

Fiffig blokk!

For at eg sjølv skal huske korleis eg laga desse blokkene, så måtte eg lage meg eit lite innlegg om dette på bloggen. Kanskje andre også kan lære noko av dette òg? Eg starta med å skjære remser i to fargar, 8 og 10 cm. Sydde dei i hop med inch-labb. Cluet er visst at den eine remsa skal være 2 cm breiare enn den andre uansett kva breidde ein brukar på remsene. Deretter kutta eg dei opp på tvers i bredder på 8 cm, dvs same breidda som den smalaste remsa. Desse sette eg saman motsett veg og sydde i hop to og to.



Denne blokka skal kuttast i to på skrå, og då var det viktig å bruke 45 gr vinkelen på linjalen. Eg kom vel til at om eg hadde vore nøyaktig med vinklane på bitane, så kunne eg dra linje frå eitt hjørne via det blå "innerhjørnet" og kom ut på rett plass på den andre sida. Litt vanskelig å forklare dette, men kikk på strekane på eit bilde lenger nede.


Her er det komt på plass 2 strekar, desse skal vi sy ein saum på kvar av dei. Men før vi syr saumen, så skal vi skjære til eit kontraststoff i same str som blokka her til å legge under.

Når vi så har sydd dei to saumane, delar vi blokka midt mellom saumane og brettar ut. Og då er blokka klar!!

Finito!!

Fiffig løper under arbeid...


Eg deltok på eit kurs med Mia Øberg i mars, "Smarta remsor og fiffiga trianglar". Denne løparene sorterer under dei fiffiga triangela, og no er det håp om at den kan bli ferdig snart. Motivasjonen er ikkje til stades for tida, men eg har iallefall fått på plass kantane no, så då er quiltinga neste.

lørdag 13. mars 2010

Vårpuss!

Ein liten vårpuss på bloggen!
Jippi!! Då har Blogger endelig fornya seg og komt med nye bakgrunnsmaler med mange valg!! Har sete og leika meg med fargar og mønster lenge no, så inntil vidare ser bloggen min slik ut.