Stoff har vi quiltarar rikelig av, vi kjøper og legg i lad i skuffer og korger, skal ha dei til noko spesielt trur vi, og så har vi ikkje råd å bruke dei til noko i tilfelle det dukkar opp noko som vi MÅ ha dei til!! Eg må visst begynne å være streng med meg sjøl, så i dag gjekk det med litt av samlestoffa mine! Og litt avskjær frå eit tidlegare prosjekt( dei små rutene).
Det gjekk fort å skjære og sy sammen, og kl 9.15 i dag tidlig var løparen klar for vattering og quilting! (var oppe kl 6.00!!) Då er løparen ferdig tilskoren og klar til kanting, kanskje blir den ferdig før eg tek kvelden i dag?
Så flink du er. Eg og var oppe klokka 6.00 men eg måtte på jobb. Og der var det et sabla kjør. Skal ha med meg noko handsøm og strikk på påsketur. God påske til deg og dine.
SvarSlettKjekt å sjå sylysta di blomstre, det blir ein fin løpar. Ha ei riktig god påske!
SvarSlettKoselig blogg du har, første gang jeg er her inne. Ja, gutta koser seg i Vikingskipet og vi på syrommet skjønner jeg - da er jo påsken helt topp. Mange flott prosjekt du har, skal bli koselig og følge :-) Ønsker deg en fortsatt god påske.
SvarSlett