Eg må vel seie meg godt nøgd med det nye året, for no er eg i gang med ein gammal ufo! Som regel har ein eit mål med det nye året, og ufoar har vore på lista mi kvart år. Men eg er vel ikkje åleine om å bli frista av andre og nye endå kjekkare ting å styre med, og kanskje kjøpe nye stoff som ein må lage noko av først.......
Denne ufoen er frå eit kurs med Hilde Neset i 2008, Dobbelsidig Weekend, og den har vore i ein pose leenge,...i påvente av at eitt av stoffa som eg brukte til samansying skulle dukke opp att. Slik går det når ein berre låner eit stoff frå ein pose med ein påbegynt quilt, ein trur at ein huskar å legge på plass att, men men......
No har iallefall stoffet dukka opp, og eg byrja å sy før det lysna i dag. Her blir det sydd på maskin, med ein teknikk der ein syr saman delar med stoff på begge sider, og syr med hand siste kanten. Anar ikkje om det er namn på denne teknikken, men den er iallefall praktisk til løparar som er sydd i blokker der den kan brukast på begge sider.
Den kan også med stor fordel brukast til å sy saman store tepper. Då kan ein quilte det ferdig i små delar, og så bruke denne teknikken til å sy det saman til slutt. Teppet på bildet over er laga av Anne Marie som er medlem i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb, ho har brukt denne teknikken på dette store teppet. Ho tipsa også redaktøren i My Quilt der mønsteret kjem frå, om å bruke denne teknikken, dette vart teke med i eit av blada seinare. HER finn du fleire bilder av dette flotte teppet.
Tek gjerne imot tips dersom nokon har namn på denne teknikken!!
Viser innlegg med etiketten løper. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten løper. Vis alle innlegg
torsdag 1. januar 2015
søndag 26. januar 2014
Under arbeid no!
Akkurat no held eg på med ein løpar i teknikken Crazy quilt. Torsdag kveld hadde NLQ kurs med Marie Myklebust som viste oss sin teknikk.
Eg har laga to sortar blokker og monterer dei annankvar med lyst stoff mellom. Nytt innlegg kjem når den er ferdig!!
Eg har laga to sortar blokker og monterer dei annankvar med lyst stoff mellom. Nytt innlegg kjem når den er ferdig!!
mandag 8. november 2010
Oline syr.....

Oline er visst på vei ut av sydvalen. Dei utallige ufoane mine som ligg og roper etter hjelp er det også blitt håp for. Iallefall en av dei,... den dobbeltsidige juleløperen som har vore på vent i 1,...2... eller kan det være 3 år??Dei 2 øverste bilda viser for- og bakside av den eine blokka som vart ferdig på kurset. Denne helga har eg sydd ferdig dei 8 blokkdelane som mangla, desse skal setjast sammen til 2 blokker slik som den som er ferdig.
Då er det mulig at Oline kan få eg en ny juleløper, rød til jul og lys beige og lekker til variasjon i denne høgtida.onsdag 28. april 2010
Ufo-stafetten rusler videre...
onsdag 21. april 2010
"Blomsterløper"
lørdag 3. april 2010
På`n igjen...
Her går det så det susar, nokre turar på fjellet på dagtid, svingar i hop litt kaker og kveldsmeny på kjøkkenet, og så er eg i gang med neste prosjekt innimellom!Denne løparen begynte eg på då eg gjekk på kurs med Randi Røys, men kom ikkje lenger på kurset, og i heimen var det andre ting å ta fatt på..... så då vart den liggande.
No har eg sydd på ein tjukk dekortrå, oppå den skal eg applikere nokre blomster. Men no er det blitt påskekrimtid og litt sofasitjing, så då blir det vel til at Oline dubbar av igjen....
F-F-F!
Å nei då du,...dette er ikkje forkorting for dei stygge orda som ikkje kan skrivast. For dette er F for Fryd fordi FIFFIG løper er FIKS FERDIG!!
...og mens Oline er i siget, så hiver ho seg no på neste UFO som ligg og ventar. Du verden kor mykje eg kunne ha fått gjort om påskeferien var dobbelt så lang......
...og mens Oline er i siget, så hiver ho seg no på neste UFO som ligg og ventar. Du verden kor mykje eg kunne ha fått gjort om påskeferien var dobbelt så lang......onsdag 31. mars 2010
Midlertidig sylyst???
Ei akutt sylyst kom i dag tidlig,...merkelig, men det var vel mangelen på ein passeleg påskeløpar som gjorde dette. Eg har ikkje heilt sansen for kjøpte påskedukar med kyllingar på, og å sy i gult har eg heller ikkje gjort før. Eg forbinder våren med lyse pasteller, og då måtte eg berre lage noko som matcha det eg hadde lyst på. 


Stoff har vi quiltarar rikelig av, vi kjøper og legg i lad i skuffer og korger, skal ha dei til noko spesielt trur vi, og så har vi ikkje råd å bruke dei til noko i tilfelle det dukkar opp noko som vi MÅ ha dei til!! Eg må visst begynne å være streng med meg sjøl, så i dag gjekk det med litt av samlestoffa mine! Og litt avskjær frå eit tidlegare prosjekt( dei små rutene).
Det gjekk fort å skjære og sy sammen, og kl 9.15 i dag tidlig var løparen klar for vattering og quilting! (var oppe kl 6.00!!)
Då er løparen ferdig tilskoren og klar til kanting, kanskje blir den ferdig før eg tek kvelden i dag? søndag 31. januar 2010
Løper i japanske stoff
Denne løparen har eg også gjort ferdig no i januar. Den har vore ufo leeenge,...... men har vore i bruk med knappenåler som hurtigquilting! Ein enkel modell kun av kvadrat, men her er det komposisjonen av fargane som er det viktige.No er det litt godt å sjå at den ligg fiks ferdig på kommoden min! Ein ekstra god følelse når ein ufo er blitt ferdig,..det merkast. Så no er eg klar for noko anna som må bli ferdig, har visst rikelig av den slags.
lørdag 30. januar 2010
Dobbelsidig løper
Denne løparen har eg kanta ferdig no tidleg i januar. Den vart påbegynt på kurs med Ann Karin Myren i fjor haust, og til sist jul sydde eg 3 slike i presang til nær familie. Trur dei fall i god smak hos alle.Løparen er vendbar, så der finst inga bakside!! Og fordelen med denne teknikken er at den er ferdig quilta med ein gong.
Abonner på:
Innlegg (Atom)









Så vart også denne ufoen min ferdig,.....ein "Blomsterløper" frå eit kjekt kurs med Randi Røys.




