Viser innlegg med etiketten løpar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten løpar. Vis alle innlegg

fredag 2. januar 2015

UFO nr. 2!

Er aldeles imponert over meg sjøl! Er no i gang med ufo nr. 2 etter at eg gjorde ferdig nr. 1 i går!! Bildet av den får komme når det blir dagslys att.

No er det nok ein løpar i arbeid, den må quiltast ferdig og få lukkekant. Modellen er frå eit kveldskurs med Siv frå Lappestua-Eid,....for lenge sidan!

Fleire bilder kjem vel så fort den er ferdig,.....  her må det syast!!

fredag 11. januar 2013

Ein gammal løpar!

Etter at juleduken vart pakka vekk, så måtte det noko nytt til på bordet. Det nye som kom fram var heller gammalt, ein løpar som eg ikkje huskar når eller kvar eg laga. Det vr truleg eit kurs, det er nok då ein lærer nye teknikkar.
Denne blokka heiter Shaded Four Patch, og eg har nyleg laga eit innlegg om denne teknikken på bloggen til NLQ.

søndag 28. mars 2010

Fiffig løper under arbeid...


Eg deltok på eit kurs med Mia Øberg i mars, "Smarta remsor og fiffiga trianglar". Denne løparene sorterer under dei fiffiga triangela, og no er det håp om at den kan bli ferdig snart. Motivasjonen er ikkje til stades for tida, men eg har iallefall fått på plass kantane no, så då er quiltinga neste.

fredag 1. januar 2010

Vendbar løpar

Eg har sydd ein del julegåver dette året også, men berre ein av denne løparen som eldste son min og svigerdatter fekk. Dette er ein vendbar løper, har ikkje bilde av den andre sida enno.
Eg gjekk på eit kurs i haust med Ann Karin Myren og lærte denne teknikken. Det er brukt vatt med lim på begge sider slik at eg kunne stryke eitt stoff på kvar side. Etterpå la eg alle delane oppå kvarandre, skar og bytta så om på bitane etterpå. "Stack and slash-metoden".
Ein veldig kjekk teknikk, men det kjekkaste er at det blir sydd "2 løparar" samtidig som dei er ferdig quilta! Og der er inga bakside!!