Viser innlegg med etiketten stitchery. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stitchery. Vis alle innlegg

fredag 2. november 2012

Ferdig "kosehjerte"

Då er kosehjertet til Emma Leigh ferdig og overlevert til den nye eigaren! Jenta kom heim i går og er no klar for familielivet!
Hjertet er laga slik at det kan være både til pynt og som leike, og det er mogleg at den tynne sløyfa seinare vert bytta ut med eit lite fløyelsband som er godt å ta på.
Fargen vart litt gul på bildet, men når ein er ferdig i seine kveldstimar, så er lyset på kjøkkenbenken det beste ein har då!

søndag 28. oktober 2012

Emma Leigh

Oline er blitt mormor! For første gang, og då er det stas! Lille Emma Leigh fekk ein tøff start, det vart keisersnitt og er no på intensivavd til barneavd. i Ålesund pga infeksjon. Men alt går fint, og mormor var på besøk før helga og fekk stryke på det mjuke ansiktet.
Då passa det med eit lite stitchery med ei fløyelsmjuk kanin, dette har eg sydd no i dag tidleg då vi fekk ein time ekstra!! Det skal bli eit lite mjukt hjerte, ei hjerteleg helsing frå mormor i staden for noko som vert kjøpt i full fart.
Inspirasjonen dukka plutselig opp då eg besøkte bloggen til Klarafina. Tusen takk til henne!

fredag 14. mai 2010

Bunadskjortepose

På siste møtet i quilteklubben fekk vi sjå ein kjempefin ide, Inger K hadde med seg ein pose ho hadde sydd til bunadskjorte. Designet var enkelt, men dekoren var heilt nydelig. Du finn bilder her.Inger hadde brukt brodering med silkeband, noko som eg ikkje kan, så difor har eg laga til min egen dekor, inspirert av Leanns blomstermotiv. Og då var det naturleg med lyse pastellfargar. Rosa blomster er komt på plass, no held eg på med det grøne til stilker, trur eg òg skal ha ein grøn tone i teksten Bunadskjorte og namnet på eigaren.

Kjekt å få bruke litt av dei mange fine fargane med moulinegarn som eg har samla meg. Og til eit så lite broderi er det fint å bruke av alle dei små lause trådane som vi heller ikkje har råd til å kaste. Dei blir som regel liggande i ei lita "ruske", men no kom nokre av dei altså til nytte.

torsdag 1. april 2010

Dette er ingen spøk....

.......for jammen ser det ut til at løparen min skal bli ferdig snart. Eg trudde eg skulle få sydd ferdig kanten i går kveld foran påskekrimmen og med eit lite glas med drivstoff,.... men det gjekk nok ikkje. Oline som ikkje er van å sitje i ro, seig etter kvart ned i sofaen og sovna før krimgåta var løyst. Typisk Oline! Men i skrivande øyeblikk er det kun 50 cm med kant å falde, og eg reknar ikkje med å sovne no.......
Og med nytt pågangsmot har Oline starta med April-blokka som quilteklubben vår deler ut kvar månad også! Eg driv klubben sin blogg, NLQ Photo, så i dag har eg lagt ut mønsteret til denne blokka.
Oline er imponert over seg sjøl akkurat no når det gjeld sying,....verre er det med husmoraktivitetane,... her her fullt av andre kaniner rundt omkring her ser eg, så denne aprilkanina er i godt selskap. Reknar med at stovekaninene mine gøymer seg når sola går ned....

torsdag 4. februar 2010

Borte....

Borte bra, men då syr eg mest!! Mønsteret til dette har eg funne på nettet ein gong, men har desverre ikkje lagra kvar eg fann det.
Har meg eit lite overnattingsbesøk på eit pasienthotell i dag, og gjett kva ein quiltar må dra med seg i tilfelle, tilfelle.....?
Jepp, eg har det så bra at eg kan kose meg i ein god stol foran tv med litt medbragt! For ikkje å misforstå meg, så viser bilda her kva eg har med meg, kan ikkje risikere å ha ledige stunder.


Tidlegare i dag har eg i all ventetid både strikka og hekla litt, og så brukte eg opp all tråden! Så då vart sticheryen neste,...ser ut til at den også kan bli ferdig. Men så klart har eg meir å gjere, litt strikk har eg på lur, men resten av kvelden skal eg bruke til lesing og jobbing med oppgåver til IKT-studiet mitt. For her er det stilt og fredelig, ingen ungdommer som "tester" lyden på stereoanllegg med jamne mellomrom!
Ha en fin kveld alle som titter innom her!
Helsing Oline