tirsdag 30. mars 2010

Quilting pågår...

Påskerapport frå syrommet,..... quilting av løper er begynt, så det er håp om at denne løparen ikkje blir medlem av ufo-klubben min! Eg quiltar med stikning rundt dei svarte trekantane, og brukar eit friare bølgemønster i dei blå kvadrata. Reknar med at dette er nok quilting midt inne på løparen, kva eg gjer med sidene er ikkje bestemt enno.
Dette er baksida, litt enklare å sjå bølgemønsteret her.

mandag 29. mars 2010

Bruk pistol!

" Det enkleste er pistol", heiter det i ein song, men det passar like godt i quilteverda også. Eg har spraylim på boks ståande, men vegrar meg litt for å bruke den. Ialle fall når eg har tenkt å bruke den nyaste symaskina mi. Spraylim er visst litt "fy" å bruke fordi den skader maskina, den legg seg på viktige delar i maskina. Difor har eg kjøpt meg eit anna våpen, og dette fungerer veldig godt. Pistolen har ein spiss som ei nål, denne stikk eg gjennom stoffet før eg "fyrer av". Ein liten plastdings sit att i stoffet med mothakar på begge sider. Sjå bildet under.
Ein sparer både maskina og evt. tråkling på denne måten, og er veldig fin å bruke på store tepper også. Når quiltinga er ferdig er det berre å klippe av eine enden og dra ut. Anbefales!

søndag 28. mars 2010

Fiffig blokk!

For at eg sjølv skal huske korleis eg laga desse blokkene, så måtte eg lage meg eit lite innlegg om dette på bloggen. Kanskje andre også kan lære noko av dette òg? Eg starta med å skjære remser i to fargar, 8 og 10 cm. Sydde dei i hop med inch-labb. Cluet er visst at den eine remsa skal være 2 cm breiare enn den andre uansett kva breidde ein brukar på remsene. Deretter kutta eg dei opp på tvers i bredder på 8 cm, dvs same breidda som den smalaste remsa. Desse sette eg saman motsett veg og sydde i hop to og to.



Denne blokka skal kuttast i to på skrå, og då var det viktig å bruke 45 gr vinkelen på linjalen. Eg kom vel til at om eg hadde vore nøyaktig med vinklane på bitane, så kunne eg dra linje frå eitt hjørne via det blå "innerhjørnet" og kom ut på rett plass på den andre sida. Litt vanskelig å forklare dette, men kikk på strekane på eit bilde lenger nede.


Her er det komt på plass 2 strekar, desse skal vi sy ein saum på kvar av dei. Men før vi syr saumen, så skal vi skjære til eit kontraststoff i same str som blokka her til å legge under.

Når vi så har sydd dei to saumane, delar vi blokka midt mellom saumane og brettar ut. Og då er blokka klar!!

Finito!!

Fiffig løper under arbeid...


Eg deltok på eit kurs med Mia Øberg i mars, "Smarta remsor og fiffiga trianglar". Denne løparene sorterer under dei fiffiga triangela, og no er det håp om at den kan bli ferdig snart. Motivasjonen er ikkje til stades for tida, men eg har iallefall fått på plass kantane no, så då er quiltinga neste.

lørdag 13. mars 2010

Vårpuss!

Ein liten vårpuss på bloggen!
Jippi!! Då har Blogger endelig fornya seg og komt med nye bakgrunnsmaler med mange valg!! Har sete og leika meg med fargar og mønster lenge no, så inntil vidare ser bloggen min slik ut.

torsdag 4. februar 2010

Borte....

Borte bra, men då syr eg mest!! Mønsteret til dette har eg funne på nettet ein gong, men har desverre ikkje lagra kvar eg fann det.
Har meg eit lite overnattingsbesøk på eit pasienthotell i dag, og gjett kva ein quiltar må dra med seg i tilfelle, tilfelle.....?
Jepp, eg har det så bra at eg kan kose meg i ein god stol foran tv med litt medbragt! For ikkje å misforstå meg, så viser bilda her kva eg har med meg, kan ikkje risikere å ha ledige stunder.


Tidlegare i dag har eg i all ventetid både strikka og hekla litt, og så brukte eg opp all tråden! Så då vart sticheryen neste,...ser ut til at den også kan bli ferdig. Men så klart har eg meir å gjere, litt strikk har eg på lur, men resten av kvelden skal eg bruke til lesing og jobbing med oppgåver til IKT-studiet mitt. For her er det stilt og fredelig, ingen ungdommer som "tester" lyden på stereoanllegg med jamne mellomrom!
Ha en fin kveld alle som titter innom her!
Helsing Oline

søndag 31. januar 2010

Løper i japanske stoff

Denne løparen har eg også gjort ferdig no i januar. Den har vore ufo leeenge,...... men har vore i bruk med knappenåler som hurtigquilting! Ein enkel modell kun av kvadrat, men her er det komposisjonen av fargane som er det viktige.

No er det litt godt å sjå at den ligg fiks ferdig på kommoden min! Ein ekstra god følelse når ein ufo er blitt ferdig,..det merkast. Så no er eg klar for noko anna som må bli ferdig, har visst rikelig av den slags.

lørdag 30. januar 2010

Dobbelsidig løper

Denne løparen har eg kanta ferdig no tidleg i januar. Den vart påbegynt på kurs med Ann Karin Myren i fjor haust, og til sist jul sydde eg 3 slike i presang til nær familie. Trur dei fall i god smak hos alle.

Løparen er vendbar, så der finst inga bakside!! Og fordelen med denne teknikken er at den er ferdig quilta med ein gong.

søndag 17. januar 2010

Symaraton!

I går arrangerte quilteklubben vår "Maratonlaurdag"! Eit kjekt arrangement der klubben leigde lokale og hadde ope hus for dei som ville bruke dagen til å sy i lag. Ope frå 8 til 8! Eg var ikkje av dei første som kom, men var av dei siste som gjekk etter å hatt meg ein handlepause midt på dag.
Bilda her viser at no er eg endelig ferdig med grytelappane frå Ninas julesymysterium. Berre lukkekanten mangla då det vart desember, men så vart dei liggande på vent, for det er alltid noko anna som er viktigare i heimen...... sikkert ikkje ukjent fenomen det her! Og eit julehjerte vart også gjort ferdig. Motivet til dette sticheryet såg eg i ein blogg, så eg tegna det av derifrå. Huskar ikkje kva for ein blogg, men om eigaren kjenner det att, så håper eg det er ok å bruke bildet her.

fredag 1. januar 2010

Vendbar løpar

Eg har sydd ein del julegåver dette året også, men berre ein av denne løparen som eldste son min og svigerdatter fekk. Dette er ein vendbar løper, har ikkje bilde av den andre sida enno.
Eg gjekk på eit kurs i haust med Ann Karin Myren og lærte denne teknikken. Det er brukt vatt med lim på begge sider slik at eg kunne stryke eitt stoff på kvar side. Etterpå la eg alle delane oppå kvarandre, skar og bytta så om på bitane etterpå. "Stack and slash-metoden".
Ein veldig kjekk teknikk, men det kjekkaste er at det blir sydd "2 løparar" samtidig som dei er ferdig quilta! Og der er inga bakside!!

Ny quilteblogg

Eg har no bestemt meg for å lage ein rein quilteblogg til hobbyen min. Kor mykje her vil komme vil tida vise, men eg har som nyttårsforsett at eg skal få ferdig ein del av mine ufoar som ligg her og der........
Følg med!