Er no ferdig med veska "Norma Jeane", mønster frå MyQuilt 1/14.
Denne veska fekk mor mi i julegåve, ikkje heilt ferdig då, men no er alt på plass! Grei veske, men om eg skal sy fleire, så skal eg lage den litt djupare.
søndag 8. februar 2015
fredag 2. januar 2015
UFO nr. 2!
Er aldeles imponert over meg sjøl! Er no i gang med ufo nr. 2 etter at eg gjorde ferdig nr. 1 i går!! Bildet av den får komme når det blir dagslys att.
No er det nok ein løpar i arbeid, den må quiltast ferdig og få lukkekant. Modellen er frå eit kveldskurs med Siv frå Lappestua-Eid,....for lenge sidan!
Fleire bilder kjem vel så fort den er ferdig,..... her må det syast!!

torsdag 1. januar 2015
God start!
Eg må vel seie meg godt nøgd med det nye året, for no er eg i gang med ein gammal ufo! Som regel har ein eit mål med det nye året, og ufoar har vore på lista mi kvart år. Men eg er vel ikkje åleine om å bli frista av andre og nye endå kjekkare ting å styre med, og kanskje kjøpe nye stoff som ein må lage noko av først.......
Denne ufoen er frå eit kurs med Hilde Neset i 2008, Dobbelsidig Weekend, og den har vore i ein pose leenge,...i påvente av at eitt av stoffa som eg brukte til samansying skulle dukke opp att. Slik går det når ein berre låner eit stoff frå ein pose med ein påbegynt quilt, ein trur at ein huskar å legge på plass att, men men......
No har iallefall stoffet dukka opp, og eg byrja å sy før det lysna i dag. Her blir det sydd på maskin, med ein teknikk der ein syr saman delar med stoff på begge sider, og syr med hand siste kanten. Anar ikkje om det er namn på denne teknikken, men den er iallefall praktisk til løparar som er sydd i blokker der den kan brukast på begge sider.
Den kan også med stor fordel brukast til å sy saman store tepper. Då kan ein quilte det ferdig i små delar, og så bruke denne teknikken til å sy det saman til slutt. Teppet på bildet over er laga av Anne Marie som er medlem i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb, ho har brukt denne teknikken på dette store teppet. Ho tipsa også redaktøren i My Quilt der mønsteret kjem frå, om å bruke denne teknikken, dette vart teke med i eit av blada seinare. HER finn du fleire bilder av dette flotte teppet.
Tek gjerne imot tips dersom nokon har namn på denne teknikken!!

Herr og fru Peparkake!
Herr og fru Peparkake flytta inn i heimen til Oline rett før jul! Dei kom frå eine quilteheimen til den andre,....gjeven bort av 2ne!
Eg var så heldig å bli den som fekk denne fine posen som var laga til ein peparkakeboks. 2ne hadde "gje bort" på bloggen sin, og denne flotte posen med heimelaga peparkaker ville ho gje vekk. Tusen takk til 2ne, og eit godt sytips til neste jul!!
tirsdag 30. desember 2014
Santa!
Dette er ei av julegåvene eg sydde, eit teppe mad mange "believes" , eller på norsk, alt det gode ein trur på, blant anna julenissen!!
Teppet var ei perfekt julegåve til svigerson min som er frå USA, og no gleder han seg til neste jul då han kan henge det opp i eige hus!!
Teppet var veldig enkelt å sy,.....for det er eit ferdig kjøpt panel. Så det var kun å vattere og å quilte litt som var jobben! Lappestua-Eid hadde dette og mange andre fine panel med julemotiv. HER i dette innlegget finn du bilde av nokre av dei.fredag 26. desember 2014
Tildabilde
Dette tildabildet har eg laga i julegåve til mitt vesle barnebarn på 2 år, Emma Leigh.
Mønsteret er frå Tilda si julebok frå 2003 og er egentleg ein adventskalendar.
Det einaste som skal til for at denne som eg har sydd skal bli kalendar, er å sy på 24 knappar. Akkurat det er eg ikkje sikker på om eg vil gjere, for eg synest at det passar vel så bra som eit bilde til å henge på veggen.

Rudolf er sjølvsagt raud på nasa!!
Bildet er sydd av linstoff, noko som gjer at det gjerne blir litt bølgete. Det er mulig at eg quiltar litt meir seinare, men iflg mønsteret, så er det ikkje quilta meir. Nokre stjerner her og der eller kvite stjerner som snøfnugg kunne være ein måte å quilte meir på.
torsdag 25. desember 2014
Liten pose!
Nokre av mine venner fekk ein slik liten pose til Q-tips i julegåve. Enkle å lage, og dekorative på badet.
Ideen og mønsteret til denne kjem frå bloggen Pia si sia. Ho har kalla den Fullfartkurv, og har lagt ut ein nøyaktig steg-for-steg framgangsmåte. Tusen takk til deg Pia!!

lørdag 8. november 2014
Stjerneblokker
Er no i gang med litt planer og arbeid med årets julegåver, sjølvsagt heimelaga til flest mogleg!
Har lært å sy "Disappearing hourglass" og synest at denne stjerneblokka egnar seg fint til løparar.
Så her skal det bli både adventsløpar ( til neste års advent må det bli for mottakaren!!) og heilårsløpar.
Inspirasjonen og framgangsmåte ligg HER!

søndag 2. november 2014
Ferdig toalettveske!
Planen frå forige innlegg er i boks, toalettveska er ferdig og overlevert til jubilanten. Til STOR glede, for denne fall verkeleg i smak hos henne, og det gledar også produsenten!!
Ein kjekk modell å sy, så det vert nok ei på meg sjølv også ein dag.

søndag 28. september 2014
Planer!
Er i gang med planlegging av ei toalettveske som skal bli ein presang! Mønsteret er av Elin Roland.
Her blir det litt applikasjon og litt blonder.

Lemoyne Star
Forige helg var eg på kurs der eg lærte å bruke Lemoyne Star-linjalen. Det var veldig kjekt å få til så perfekte stjerner, så denne linjalen anbefaler eg!
Denne stjerna er mellomstor, 6 "
tirsdag 11. februar 2014
OL-lue
I desse OL-tider er det mange som heklar seg lyseblå luer slik som dei norske har. Kom over oppskrifta på bloggen til Blomsterdama!
Tvilar på at eg kjem til å lage den, men deler den gjerne på bloggen her om andre har lyst til å prøve!

søndag 26. januar 2014
Under arbeid no!
Akkurat no held eg på med ein løpar i teknikken Crazy quilt. Torsdag kveld hadde NLQ kurs med Marie Myklebust som viste oss sin teknikk.
Eg har laga to sortar blokker og monterer dei annankvar med lyst stoff mellom. Nytt innlegg kjem når den er ferdig!!

lørdag 25. januar 2014
Barnevottar
Det er kaldt no i januar, frå nokre få plussgrader til litt under minus. Men kald vind frå aust gjer at det kjennest veldig kaldt når ein er mykje ute.
Vesle Emma er no 15 mnd og er byrja i barnehage og treng gode og varme vottar. Eg jobbar sjølv i ein annan barnehage, og eg har erfart at små hender har det best i heimestrikka vottar, enten tova eller strikka med to trådar. Då held dei seg varme og dei får god gripeevne.
No held eg på med vottar i eit enkelt mønster. Skal prøve å forklare oppskrifta her, har laga den sjølv inspirert av nokre vottar som eg har sett.
Tråd eg har brukt er Sporty kjøpt på Nille.
Mønster:
Legg opp 32 m på pinner nr 2,5.
Strikk brotet med 2 rette og 2 vrange ca 20 omg.
Skift til pinner nr 3,5, strikk 1 omg rettstrikk.
Mønster:
Det er same mønster på begge sidene, mønsteret går over 15 m, dvs 5 ruter. I kvar side er det strikka ei stripe over 3 m, sjå bilde. Stripa er strikka med 3 m lilla eine omg og 1lilla, 1 kvit og 1 lilla den andre omg.

Mønsteret er så enkelt å sjå på bildet at eg ikkje forklarer det nærare.
Strikk 3 rapportar med mønster, sett 6 m på ein tråd til tommel og legg opp 6 nye bak desse.
Fortsett med mønster 3 rapportar til før du byrjar med felling. Fell på kvar side av sidestripa, dvs 4 m pr omg. Strikk 1 omg. Fell neste omg og strikk 1 omg. No byrjar du å felle på kvar omg til du har att max 8 m, då dreg du tråden igjennom maskene og du er ferdig!
Tommel:
Plukk opp 14 m og strikk ca 8 omg med enkel trå, fell slik: strikk to m sammen på kvar pinne, strikk 1 omg, strikk to m sammen på kvar pinne og dra så tråden igjennom maskene du har att. Ferdig!

mandag 13. januar 2014
Stoffkorg
Denne helga har det vore samsying av stoffkorg på Quiltesiden på Facebook. Eg melde meg inn på sida i helga, men ikkje tidsnok til å bli med. Då var det kjekt å oppdage at det låg mønster ute på ein blogg. På NLQ-bloggen er det info om dette.
Abonner på:
Innlegg (Atom)