Denne løparen har eg også gjort ferdig no i januar. Den har vore ufo leeenge,...... men har vore i bruk med knappenåler som hurtigquilting! Ein enkel modell kun av kvadrat, men her er det komposisjonen av fargane som er det viktige.No er det litt godt å sjå at den ligg fiks ferdig på kommoden min! Ein ekstra god følelse når ein ufo er blitt ferdig,..det merkast. Så no er eg klar for noko anna som må bli ferdig, har visst rikelig av den slags.

I går arrangerte quilteklubben vår "Maratonlaurdag"! Eit kjekt arrangement der klubben leigde lokale og hadde ope hus for dei som ville bruke dagen til å sy i lag. Ope frå 8 til 8! Eg var ikkje av dei første som kom, men var av dei siste som gjekk etter å hatt meg ein handlepause midt på dag.


