Eg må vel seie meg godt nøgd med det nye året, for no er eg i gang med ein gammal ufo! Som regel har ein eit mål med det nye året, og ufoar har vore på lista mi kvart år. Men eg er vel ikkje åleine om å bli frista av andre og nye endå kjekkare ting å styre med, og kanskje kjøpe nye stoff som ein må lage noko av først.......
Denne ufoen er frå eit kurs med Hilde Neset i 2008,
Dobbelsidig Weekend, og den har vore i ein pose leenge,...i påvente av at eitt av stoffa som eg brukte til samansying skulle dukke opp att. Slik går det når ein berre låner eit stoff frå ein pose med ein påbegynt quilt, ein trur at ein huskar å legge på plass att, men men......
No har iallefall stoffet dukka opp, og eg byrja å sy før det lysna i dag. Her blir det sydd på maskin, med ein teknikk der ein syr saman delar med stoff på begge sider, og syr med hand siste kanten. Anar ikkje om det er namn på denne teknikken, men den er iallefall praktisk til løparar som er sydd i blokker der den kan brukast på begge sider.
Den kan også med stor fordel brukast til å sy saman store tepper. Då kan ein quilte det ferdig i små delar, og så bruke denne teknikken til å sy det saman til slutt. Teppet på bildet over er laga av Anne Marie som er medlem i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb, ho har brukt denne teknikken på dette store teppet. Ho tipsa også redaktøren i My Quilt der mønsteret kjem frå, om å bruke denne teknikken, dette vart teke med i eit av blada seinare.
HER finn du fleire bilder av dette flotte teppet.
Tek gjerne imot tips dersom nokon har namn på denne teknikken!!