Er no i gang med litt planer og arbeid med årets julegåver, sjølvsagt heimelaga til flest mogleg!
Har lært å sy "Disappearing hourglass" og synest at denne stjerneblokka egnar seg fint til løparar.
Så her skal det bli både adventsløpar ( til neste års advent må det bli for mottakaren!!) og heilårsløpar.
Inspirasjonen og framgangsmåte ligg HER!
lørdag 8. november 2014
søndag 2. november 2014
Ferdig toalettveske!
Planen frå forige innlegg er i boks, toalettveska er ferdig og overlevert til jubilanten. Til STOR glede, for denne fall verkeleg i smak hos henne, og det gledar også produsenten!!
Ein kjekk modell å sy, så det vert nok ei på meg sjølv også ein dag.

søndag 28. september 2014
Planer!
Er i gang med planlegging av ei toalettveske som skal bli ein presang! Mønsteret er av Elin Roland.
Her blir det litt applikasjon og litt blonder.

Lemoyne Star
Forige helg var eg på kurs der eg lærte å bruke Lemoyne Star-linjalen. Det var veldig kjekt å få til så perfekte stjerner, så denne linjalen anbefaler eg!
Denne stjerna er mellomstor, 6 "
tirsdag 11. februar 2014
OL-lue
I desse OL-tider er det mange som heklar seg lyseblå luer slik som dei norske har. Kom over oppskrifta på bloggen til Blomsterdama!
Tvilar på at eg kjem til å lage den, men deler den gjerne på bloggen her om andre har lyst til å prøve!

søndag 26. januar 2014
Under arbeid no!
Akkurat no held eg på med ein løpar i teknikken Crazy quilt. Torsdag kveld hadde NLQ kurs med Marie Myklebust som viste oss sin teknikk.
Eg har laga to sortar blokker og monterer dei annankvar med lyst stoff mellom. Nytt innlegg kjem når den er ferdig!!

lørdag 25. januar 2014
Barnevottar
Det er kaldt no i januar, frå nokre få plussgrader til litt under minus. Men kald vind frå aust gjer at det kjennest veldig kaldt når ein er mykje ute.
Vesle Emma er no 15 mnd og er byrja i barnehage og treng gode og varme vottar. Eg jobbar sjølv i ein annan barnehage, og eg har erfart at små hender har det best i heimestrikka vottar, enten tova eller strikka med to trådar. Då held dei seg varme og dei får god gripeevne.
No held eg på med vottar i eit enkelt mønster. Skal prøve å forklare oppskrifta her, har laga den sjølv inspirert av nokre vottar som eg har sett.
Tråd eg har brukt er Sporty kjøpt på Nille.
Mønster:
Legg opp 32 m på pinner nr 2,5.
Strikk brotet med 2 rette og 2 vrange ca 20 omg.
Skift til pinner nr 3,5, strikk 1 omg rettstrikk.
Mønster:
Det er same mønster på begge sidene, mønsteret går over 15 m, dvs 5 ruter. I kvar side er det strikka ei stripe over 3 m, sjå bilde. Stripa er strikka med 3 m lilla eine omg og 1lilla, 1 kvit og 1 lilla den andre omg.

Mønsteret er så enkelt å sjå på bildet at eg ikkje forklarer det nærare.
Strikk 3 rapportar med mønster, sett 6 m på ein tråd til tommel og legg opp 6 nye bak desse.
Fortsett med mønster 3 rapportar til før du byrjar med felling. Fell på kvar side av sidestripa, dvs 4 m pr omg. Strikk 1 omg. Fell neste omg og strikk 1 omg. No byrjar du å felle på kvar omg til du har att max 8 m, då dreg du tråden igjennom maskene og du er ferdig!
Tommel:
Plukk opp 14 m og strikk ca 8 omg med enkel trå, fell slik: strikk to m sammen på kvar pinne, strikk 1 omg, strikk to m sammen på kvar pinne og dra så tråden igjennom maskene du har att. Ferdig!

mandag 13. januar 2014
Stoffkorg
Denne helga har det vore samsying av stoffkorg på Quiltesiden på Facebook. Eg melde meg inn på sida i helga, men ikkje tidsnok til å bli med. Då var det kjekt å oppdage at det låg mønster ute på ein blogg. På NLQ-bloggen er det info om dette.
lørdag 4. januar 2014
Barnehagevottar
På pinnane no ein tidleg laurdagsmorgon, Barnehagevottar!
Vesle Emma på 14 mnd hadde sin første dag i barnehagen i går, og fekk med seg to par med slike vottar. Så gjenstår det å erfare kor gode dei er i bruk, om dei tovar seg og om størrelsen passar. Eg har strikka str. 1-2 år, har lagt opp 32 masker. Trur eg skal prøve meg på ein str større også, og så tove dei litt i maskin.
Dei er enkle å strikke, så eg prøver meg på eit par i striper, inspirert av eit bilde eg fann på nettet.
Mønster til Barnehagevottar finn du HER.

lørdag 7. desember 2013
Flaskesmoking
No har eg endeleg prøvd meg på flaskesmoking! Har hatt mønsteret liggjande lenge, og no hadde eg bruk for ein fin presang til ein herremann!
Ikkje så godt bilde akkurat, dårleg lys inne og snøver ute, då er det best å holde seg på innsida!! Men er fornøgd med produktet mitt, ser at modellen passar både til vinflaske og ei Baileys!! Eg kjem nok til å lage fleire no når eg fann ut korleis eg skulle sy denne.
mandag 18. november 2013
Babyvotter
Oline er farmor til vesle Sander som no skal møte sin første vinter. Gode heimestrikka vottar som sit godt på, skal bli ei lita julegåve til guten.
Ideen til vottane fann eg på bloggen til Hjemmelaget, her er det oppskrift på Barnehagevotter. Eg har endra på oppskrifta, tilpassa den tråden eg brukte.
Eg har brukt Dale baby ull, farge nr 2621 til desse vottane, og eg har strikka dei utan tommel. Fargen på bildet er litt gul fordi eg har teke bildet under lysrør.
Oppskrifta mi:
Pinner nr 2,5.
Legg opp 42 m, strikk 2 riller (dvs. 4 pinner att og fram med rettstrikk).
Ta maskene over på 4 pinner og strikk glattstrikk rundt og rundt 20 omg. Fell 1 m på kvar pinne, du har no 38 m . Strikk 2 omg rett.
Skift til pinne nr 2 og strikk ribbestrikk; 1 rett og 1 vrang 8 omg.
Skift tilbake til pinne 2,5 og strikk 18 omg glattstrikk før det felles 2 m i kvar side (4 m pr omg.) på annakvar pinne. Når du har felt 5 ganger, så fell av kvar omg og strikk til slutt 2 og 2 m sammen. Dra tråden igjennom dei siste 6 m du står att med .

lørdag 9. november 2013
Buggy Barn hjerter!
I haust gjekk eg på eit Buggy Barn kurs v/Marie Myklebust frå Gloppen der vi fekk lære å sy hjerteblokker.
Det tek tid å sy mange blokker, 30 stk vart det på meg, og no er eg klar til å reinskjære dei og sy sammen til eit teppe.
Eg likar godt denne hjerteforma, litt stilisert og anvendelig til både tepper, veggbilder, løparar og dekor! Blir nok fleire slike!

fredag 8. november 2013
Rocky Mountain
På klubbmøtet i Nordfjord lappe- og quilteklubb i oktober fekk vi lære å sy blokka Rocky Mountain.
Ingun frå Primula Design viste oss teknikken, og vi var mange på møtet som hadde med oss symaskin og fekk prøvd ut dette. Ingun hadde laga modell og materialpakkar, og no nyleg vart eg ferdig med brikka mi.

torsdag 7. november 2013
Trepinneetui!
Siste året har eg nok strikka meir enn eg har sydd, og eg strikkar framleis. Sjølv om eg heilt sikkert har nok pinnar til strikkinga mi frå før, så har eg kjøpt fleire i det siste. TREPINNAR! Det er så mykje betre å strikke med desse pinnane at eg har valt å kjøpe ulike tjukkelsar etter kvart som eg byrjar på nye strikk. Og det er ganske ofte!!!!
Pinnar som lurer seg bort i all tråden min og i posar, er typisk meg, så då måtte eg berre lage meg eit etui for berre trepinnane mine. Inspirasjonen fann eg på bloggen til svenske Svarta Malin, men måla til mitt etui måtte eg tilpasse mine pinnar.
Her er oppskrifta på etuiet mitt:
Du treng eitt stoff til framside og eitt til for. Eg har applikert eit anna stoff på som dekor.
Klippemål:
2 stoff på ca 12 x 17 inch
Vrangsy stoffa og vreng gjennom ei lita opning på den delen som skal være nedbretten.
Tilpass høgda på lommene ved å plassere ein strikkpinne. Sy ei smal stikning rundt heile kanten, men ikkje nederst. Dvs at du startar nede til venstre på bildet over, syr oppover, rundt kanten oppe der det også er ei lita opning som du skal sy igjen, og så nedatt på høgresida. Husk å putte inn hempe til knappen her på eine sida, sjå bilde lenger nede. Dette gløymde eg, så eg måtte sprette opp att og putte hempa inn i kanten og sy ein gong til.
Merk opp med forsvinningstusj der du vil ha lommene. Lag smale lommer til dei tynnaste pinnane, litt breidare frå pinnar på 4 mm.
Eg likar å ha litt pynt på, denne blomsten applikerte eg for hand. Og då måtte det også bli ein blomsterkanpp! Øverste bildet i innlegget viser koleis det ser ut når det er bretta sammen.
Pinnar som lurer seg bort i all tråden min og i posar, er typisk meg, så då måtte eg berre lage meg eit etui for berre trepinnane mine. Inspirasjonen fann eg på bloggen til svenske Svarta Malin, men måla til mitt etui måtte eg tilpasse mine pinnar.
Her er oppskrifta på etuiet mitt:
Du treng eitt stoff til framside og eitt til for. Eg har applikert eit anna stoff på som dekor.
Klippemål:
2 stoff på ca 12 x 17 inch
Vrangsy stoffa og vreng gjennom ei lita opning på den delen som skal være nedbretten.
Tilpass høgda på lommene ved å plassere ein strikkpinne. Sy ei smal stikning rundt heile kanten, men ikkje nederst. Dvs at du startar nede til venstre på bildet over, syr oppover, rundt kanten oppe der det også er ei lita opning som du skal sy igjen, og så nedatt på høgresida. Husk å putte inn hempe til knappen her på eine sida, sjå bilde lenger nede. Dette gløymde eg, så eg måtte sprette opp att og putte hempa inn i kanten og sy ein gong til.
Merk opp med forsvinningstusj der du vil ha lommene. Lag smale lommer til dei tynnaste pinnane, litt breidare frå pinnar på 4 mm.
Eg har pynta med namneetikett.
På venstre sida ser du hempa til knappen.
Pinnane passar fint i lommene!Eg likar å ha litt pynt på, denne blomsten applikerte eg for hand. Og då måtte det også bli ein blomsterkanpp! Øverste bildet i innlegget viser koleis det ser ut når det er bretta sammen.
Lykke til om du også vil sy noko liknande! Skriv gjerne ein kommentar om du lagar, kjekt å sjå andre idear også!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)