Ikkje syveir akkurat i dag, men Oline førebur seg til neste klubbmøte. Denne sesongen har NLQ blomster som tema på klubbmøta, ulike teknikkar til å sy blomster har vore presentert. På neste møte vert det ma. presentert denne rosa. Ikkje så vanskeleg å sy, berre ein held orden på talrekkja!!søndag 4. mars 2012
Rose
Ikkje syveir akkurat i dag, men Oline førebur seg til neste klubbmøte. Denne sesongen har NLQ blomster som tema på klubbmøta, ulike teknikkar til å sy blomster har vore presentert. På neste møte vert det ma. presentert denne rosa. Ikkje så vanskeleg å sy, berre ein held orden på talrekkja!!mandag 20. februar 2012
Husbygging!
søndag 12. februar 2012
Kontroll på kontrollen!
søndag 29. januar 2012
Det grøne teppet 2

Har også funne ut at det vert finast med ein mørk grønn kant rundt.lørdag 28. januar 2012
Det grøne teppet!
Oline går på kurs! Syr, kuttar, syr og kuttar!! "Resteteppe-kurs" i NLQ med Nancy Eriksen frå Grimstad.
Herlig travelt kan ein vel seie, herlig fordi eg frå bruke ein del av dei gamle grøne stoffa mine, og litt herleg å få supplert med litt nye matchande stoff òg! Ikkje berre restar her altså, men eg har valt å bruke berre grøne fargar mot det lyse, så då må det òg vere litt variasjon i dei grøne fargane. Om teppet vert slik eg no har lagt ut lappane, veit eg ikkje, må sy fleire lappar før eg bestemmer den endelege plasseringa!onsdag 18. januar 2012
Boktips!

I kveld har eg bestilt boka Selbuvotten av Terri Shea. Måtte berre ha den, sjølv om eg har eit eksemplar av den i heimen no. Denne har eg lånt på biblioteket, men eg har no sett at der er så mange flotte oppskrifter at eg må ha mi eiga bok.
onsdag 4. januar 2012
Julemerkelapp

Ideen har eg funne på bloggen til Chookyblue, der var det eit bilde av ein slik i headingen før jul.
onsdag 2. november 2011
Tova vottar
søndag 2. oktober 2011
Wallenborg-kurs!
Denne helga har eg vore på eit utruleg lærerikt kurs med Andrè Wallenborg. Vi har sydd ei lommebok-veske. Ei kombiveske, lita nok til å være lommebok til å ha i veska, men også så stor at den kan brukast som selskapsveske.
Vart veldig fornøgd med veska mi, og no fekk eg brukt det fine stoffet som eg kjøpte i sommar. Passa perfekt til dette syns eg.onsdag 7. september 2011
3-dimensjonal hexagon
Så vart Oline ferdig med prosjektet sitt akkurat tidsnok. Ei nålepute med 3-dimensjonal hexagonblomster til pynt. Og resultatet vart ganske bra synest eg. 2 lag med blomster i ulik str lagt oppå kvarandre, kronblada vart stappa med litt fyllvatt.
tirsdag 6. september 2011
Oline jobber med hexagon!



torsdag 7. juli 2011
Feriemodus....
Oline ferierer no. Endelig. Og det er tid til å reise bort frå regn og lavtrykk i kø. Og så langt har planen om å finne sommaren fungert flott. Har sett sola kvar dag sidan eg for heimanfrå og i skrivande stund skin sola enno,...lavt, stille og varmt ute, 19,4 gr. Som de ser må eg gjere på noko i ferien òg, og når ein så kryssar norskegrensa, så passar det flott å strikke på norske Flaggvottar! Så mens Oline er den levande GPS for sjåføren, så går det også unna med strikkinga på fine raske vegar!
Er snart ferdig med første votten, men blir det for varmt, må nok ulltråden få vente litt!tirsdag 28. juni 2011
Matblogg

torsdag 23. juni 2011
Bryllupsteppet
Då er brudeparet (min eldste son) godt gifte og er i skrivande stund på bryllupsreise i det store quiltelandet USA. Men reknar med at dei ikkje ser ein einaste quilt der, berre kvarandre!
Dette teppet er ikkje i sengeteppestørrelse, men er eit koseteppe til sofaen for to, megaromantisk med hjerter i fleng! Både i teknikk og i quiltemønster.
Som vanleg jobbar Oline best under press, og typisk meg så jobbar eg med det eg skal gje bort heilt til siste nikk. Dagen før bryllaupet vart quilten ferdig! Det som gjorde at eg vart så sein kom av to ting:
- Fleeceteppet eg hadde kjøpt til baksida ,viste seg å være 10 cm for kort då eg skulle til å quilte!
- Eg hadde tenkt å quilte berre i saumane, men kom etter kvart til at det vart mykje finare med tett quilting.
Då var det å leite etter eit passande fleeceteppe igjen! Valet fall på eit frå Kid, og det var nok skjebnen det! For då eg skulle legge toppen på fleeceteppet, vart eg nesten nervøs, var det for kort igjen?? For målet var oppgitt med dei "holete" endane. Berre få cm med glatt fleece viste på begge endane. Kva om fleecen drog seg ved quiltinga så hola vart på baksida??
Etter kvart såg eg at dette kom til å passe bra, og det var berre å klippe av blondekanten etter ferdig quilting. Blondekanten ja,....... den var då egentleg fin, men blondekant på ein quilt?? Det hadde eg aldri sett før,..... kunne det gå an?
Men sidan dette skulle vere romantikk de luxe, så kom eg til at blondekanten skulle vere med, og det er eg no glad for. Synest det vart veldig fint og at det passa flott til teknikken og framheva symbolikken i det heile.
fredag 3. juni 2011
Hjerteteppet i Buggy Barn teknikk
Det ser ut til at Oline kjem i mål med teppet, no er toppen klar og quiltinga er begynt. Baksida er eit fleeceteppe fordi dette skal bli eit koseteppe for to nygifte. Så om det blir kjølig ut på kvelden på pinsafta, ja så er det berre å krype under eit varmt og godt teppe.Det kjem bilde når det er heilt ferdig!

