Oline hoppar no nesten frå sommar til jul,.....litt lenge sidan forige innlegg ser eg. Ideen til dette strikket fann eg på ein blogg, og det viser seg at dette er eit gratismønster frå Drops.
Dette skal bli ein tova julegrytelapp og er strikka i Cortina kjøpt på SparKjøp. Eg brukar pinner nr 7 og eitt nøste rakk til ei stjerne. Skal strikke to stjerner før eg tovar i vaskemaskin, for dei må bli like store!
HER kjem du rett til mønsteret!
fredag 5. oktober 2012
lørdag 14. juli 2012
Primula-gåve!
Forige laurdag var eg innom butikken til Primula Design , då overraska Ingun med denne gåva!! Flott innpakka både utanpå og inni! Og eit artig hjertestoff med både blonde , griseknapp og sommarfuglknapp og eit lite metallhjerte! Kva skal dette bli til??? Nokon som har forslag??
Årsaka til dette gåvedrysset på butikken var at Ingun ville markere at det er lurt å kikke innom bloggen hennar, for der er det fleire nyheter om stoff og utstyr. Ho legg ut etter kvart som nye varer kjem til butikken.
fredag 6. april 2012
Orden i sysakene!
Dette flotte tipset fekk vi av Nancy Eriksen då ho heldt kurs hos oss i vinter. Ho brukar å samle bitar, striper og lukkekantar i merka boksar. I tillegg så kuttar ho opp små restar som ikkje er brukandes til noko. Ho kuttar dei i kvadrat, og utnyttar alle bitar, først store kvadrat, og så mindre og mindre, ...heilt ned i 1 inch sa ho.

søndag 4. mars 2012
Rose
Ikkje syveir akkurat i dag, men Oline førebur seg til neste klubbmøte. Denne sesongen har NLQ blomster som tema på klubbmøta, ulike teknikkar til å sy blomster har vore presentert. På neste møte vert det ma. presentert denne rosa. Ikkje så vanskeleg å sy, berre ein held orden på talrekkja!!Eg har tenkt å sy 3 stk til, (det burde eg vel klare??) og eg kjem til å variere på rosa og med eitt og to blad. Her har eg sydd med eitt blad og litt stor rose. Planen er å setje desse saman til ein løpar, eller ender den som ufo??
Link til mønsteret finn du hos Yvonnes.dk, Eg har forstørra det ein god del.
mandag 20. februar 2012
Husbygging!
Inspirasjon kjem frå prosjektet Building houses from scraps der ei utruleg ivrig sjel har tenkt å byggje 366 hus i år, eitt for kvar dag. Mange har blitt med på dette, og på bloggen viser nederlandske Janneke fram kva ho og andre har sydd. Ein kjekk møteplass for husbyggjarar!!
Eg har ikkje som mål å lage hundrevis av hus, 3 er ein fin start, og med nokre til så kan dette bli ei lita bygd,........ ein miniquilt!
Teknikken er papirsaum, og den ferdige blokka er berre 3 inch!
søndag 12. februar 2012
Kontroll på kontrollen!
søndag 29. januar 2012
Det grøne teppet 2

Har også funne ut at det vert finast med ein mørk grønn kant rundt.Når eg skal sy sammen blokkene, så kjem eg til å bruke teknikken som Nancy lærte oss i dag. Den finn du HER på bloggen til NLQ Photo.
lørdag 28. januar 2012
Det grøne teppet!
Oline går på kurs! Syr, kuttar, syr og kuttar!! "Resteteppe-kurs" i NLQ med Nancy Eriksen frå Grimstad.Omtrent like hektisk som då julegåveproduksjonen gjekk for fullt. Men,.......det er slett ikkje travelt, ikkje undervegs, men ein kjenner det etterpå!!
Herlig travelt kan ein vel seie, herlig fordi eg frå bruke ein del av dei gamle grøne stoffa mine, og litt herleg å få supplert med litt nye matchande stoff òg! Ikkje berre restar her altså, men eg har valt å bruke berre grøne fargar mot det lyse, så då må det òg vere litt variasjon i dei grøne fargane. Om teppet vert slik eg no har lagt ut lappane, veit eg ikkje, må sy fleire lappar før eg bestemmer den endelege plasseringa!
Herlig travelt kan ein vel seie, herlig fordi eg frå bruke ein del av dei gamle grøne stoffa mine, og litt herleg å få supplert med litt nye matchande stoff òg! Ikkje berre restar her altså, men eg har valt å bruke berre grøne fargar mot det lyse, så då må det òg vere litt variasjon i dei grøne fargane. Om teppet vert slik eg no har lagt ut lappane, veit eg ikkje, må sy fleire lappar før eg bestemmer den endelege plasseringa!onsdag 18. januar 2012
Boktips!

I kveld har eg bestilt boka Selbuvotten av Terri Shea. Måtte berre ha den, sjølv om eg har eit eksemplar av den i heimen no. Denne har eg lånt på biblioteket, men eg har no sett at der er så mange flotte oppskrifter at eg må ha mi eiga bok.
Eg søkte som vanlig på Capris, der var den til salgs for kr 199. Billig tenkte eg då, for ein annan stad kosta den 340! Men i slike boksøkrunder så må eg ein tur innom Haugen bok i Volda . Og der er boka på tilbud akkurat no! Kr 149!!
onsdag 4. januar 2012
Julemerkelapp

Ein heimelaga julemerkelapp!
Eg brukar alltid å gje noko som eg har sydd til jul til ei av tantene mine, alltid noko praktisk til heimen. Men i år vart det matgåver i staden, eit heimelaga vørterbrød og eit glas med spesialsylta mi: Rabarbra med aprikos! Så for at ho også skulle få noko heimelaga i tekstil, så måtte eg brodere ein merkelapp til gåva. Denne lappen er også laga slik at den er til gjenbruk, for den kan brukast til pynt i juletreet!
Ideen har eg funne på bloggen til Chookyblue, der var det eit bilde av ein slik i headingen før jul.
Ideen har eg funne på bloggen til Chookyblue, der var det eit bilde av ein slik i headingen før jul.
onsdag 2. november 2011
Tova vottar
Eg strikkar vottar,...vottar som skal tovast og bli til julegåver. Minst ei julegåve då, kjem an på kor mange eg får tid til å strikke.
Tråden eg brukar er Vamsegarn frå Rauma, og strikkar på pinnar nr 5. Når dei er ferdige, skal dei tovast i vaskemaskin, noko som eg ikkje har prøvd før.
Eg strikkar damestørrelse, så no gjenstår det å sjå om dei passar til damer etter tovinga!!
Oppskrifta legg eg ut her, for eg er verdensmester i å rote bort viktige ting! Er kanskje ikkje åleine om det?? Men så lenge bloggen virkar, så har eg vel ein sjanse til å finne den att!
Oppskrift:
Damevott, herrevott i parentes.
Legg opp 34 (40) m
Strikk 1 omg. vrangt.
Strikk rett 7 (9) cm.
Vreng og strikk rett 9 (11) cm.
Rett før tommel aukar ein ut slik:
Høgre vott: Str. 3 m. auk 1 m, str. 2 m, auk 1 m, str. omg ut.
Venstre vott: Str. til det er 5 m igjen på 4.p, auk 1 m, str. 2m, auk 1 m, str. dei 3 siste m.
Begge:
Fordel m. jevnt på pinnane.
Høgre tommel:
Str. 1 m på 1. p.
Venstre tommel: Str til det er 9 m igjen på omg.
Begge: sett 8 m på ein tråd og legg opp 8 nye m over holet.
Str vidare til votten dekker langfingeren eller måler ca 12 (14) cm frå tommelholet.
Felling:
1.omg: 1. og 3. pinne: str 1 m, ta 1 m laust av, str 1 m og dra den lause m over. 2. og 4. pinne: Str. til det er 3 m igjen, str. 2 m sammen, str 1 m.
2. omg: Str uten felling
3. omg: Str som 1. omg.
4. omg: Str. som 2. omg.
Heretter felles det kvar omg til det er 8 m igjen, dra så tråden igjennom.
Tommel:
Ta m frå tråden over på p, str. opp 8 m frå undersida av tommelen og 1(2) m i kvar side, i alt 18 (20) m.
Str. til tommelen dekker fingeren eller måler 8 (9) cm.
Felling tommel:
1. omg: 1. og 3. p: ta 1 m laust av, str. 1 m og dra den lause m over. 2. og 4. p: str. dei 2 siste m sammen.
2. omg: Str uten felling
Heretter str som 1. omg og til det er 4 m igjen, dra så tråden igjennom.
søndag 2. oktober 2011
Wallenborg-kurs!
Denne helga har eg vore på eit utruleg lærerikt kurs med Andrè Wallenborg. Vi har sydd ei lommebok-veske. Ei kombiveske, lita nok til å være lommebok til å ha i veska, men også så stor at den kan brukast som selskapsveske.
Vart veldig fornøgd med veska mi, og no fekk eg brukt det fine stoffet som eg kjøpte i sommar. Passa perfekt til dette syns eg.Fleire bilder frå kurset finn du på bloggen til quilteklubben vår, NLQ Photo.
onsdag 7. september 2011
3-dimensjonal hexagon
Så vart Oline ferdig med prosjektet sitt akkurat tidsnok. Ei nålepute med 3-dimensjonal hexagonblomster til pynt. Og resultatet vart ganske bra synest eg. 2 lag med blomster i ulik str lagt oppå kvarandre, kronblada vart stappa med litt fyllvatt.
Mønsteret til denne kjem frå eksotiske Hawaii! Der bur bloggaren Polka Dot Pineapple og ho har lagt ut mønster til både denne og mange andre fine småting. Så om du er lei regnet her heime, ta ein tur til HAWAII då!!!
tirsdag 6. september 2011
Oline jobber med hexagon!



torsdag 7. juli 2011
Feriemodus....
Oline ferierer no. Endelig. Og det er tid til å reise bort frå regn og lavtrykk i kø. Og så langt har planen om å finne sommaren fungert flott. Har sett sola kvar dag sidan eg for heimanfrå og i skrivande stund skin sola enno,...lavt, stille og varmt ute, 19,4 gr. Som de ser må eg gjere på noko i ferien òg, og når ein så kryssar norskegrensa, så passar det flott å strikke på norske Flaggvottar! Så mens Oline er den levande GPS for sjåføren, så går det også unna med strikkinga på fine raske vegar!
Er snart ferdig med første votten, men blir det for varmt, må nok ulltråden få vente litt!
Abonner på:
Innlegg (Atom)