søndag 4. mars 2012

Rose

Ikkje syveir akkurat i dag, men Oline førebur seg til neste klubbmøte. Denne sesongen har NLQ blomster som tema på klubbmøta, ulike teknikkar til å sy blomster har vore presentert. På neste møte vert det ma. presentert denne rosa. Ikkje så vanskeleg å sy, berre ein held orden på talrekkja!!
Eg har tenkt å sy 3 stk til, (det burde eg vel klare??) og eg kjem til å variere på rosa og med eitt og to blad. Her har eg sydd med eitt blad og litt stor rose. Planen er å setje desse saman til ein løpar, eller ender den som ufo??

Link til mønsteret finn du hos Yvonnes.dk, Eg har forstørra det ein god del.

mandag 20. februar 2012

Husbygging!


Eg byggjer meg hus, i går bygde eg 3 stk! Hus av restar, blå restar til kalde vinterhus med snø på taket.
Inspirasjon kjem frå prosjektet Building houses from scraps der ei utruleg ivrig sjel har tenkt å byggje 366 hus i år, eitt for kvar dag. Mange har blitt med på dette, og på bloggen viser nederlandske Janneke fram kva ho og andre har sydd. Ein kjekk møteplass for husbyggjarar!!Eg har ikkje som mål å lage hundrevis av hus, 3 er ein fin start, og med nokre til så kan dette bli ei lita bygd,........ ein miniquilt!
Teknikken er papirsaum, og den ferdige blokka er berre 3 inch!

søndag 12. februar 2012

Kontroll på kontrollen!


Ein kontrollholder vart produsert nyleg! Eit bestillingsoppdrag, men også ei gåve! Far min var 80 år i går, og då eg spurde han kva han ynskte seg , så hadde han alt. Men ein halv time etterpå ringde han til meg og sa kva han hadde bruk for; ein holdar til fjernstyringa til TV-en! Og han visste nok at eg kunne lage noko som han kunne bruke.På grunn av dårlege bein og rygg har han vore rullestolbrukar i 7 år og siste året har han budd på eit eldresenter. Då er det nok ikkje så mykje ein har bruk for i det daglege, og på rommet sitt har han det meste. Ja, trur jammen eg kunne flytta inn om eg fekk med meg symaskina mi, for han har TV med mange kanalar, bærbar pc , radio og mobil! Hadde vore som eit hotellopphold for meg å være der ein weekend!
Men for ein som sit i rullestol må visse ting være lett tilgjengelige. Så far min ynskte seg ein holdar som han bla. kunne henge på veggen nær senga, for då hadde han kontroll på kontrollen. Eg har laga ei hempe til å henge opp i, i tillegg fekk han med eit nøkkelband med karabinkrok på. Då kan han ha den rundt halsen når han sit i rullestolen, og slepp at kontrollen hamnar på golvet. Så dette vart eit produkt for full kontroll!!

søndag 29. januar 2012

Det grøne teppet 2

Dagen i dag har eg jobba flittig, og teppet veks og veks. Og dess større teppet vert, dess betre kjem striper og effekt fram. Blokkene har eg ikkje sydd saman enno, skal lage så mange at det kan brukast både til koseteppe og sengeteppe til ei enkelseng.

Har også funne ut at det vert finast med ein mørk grønn kant rundt.
Når eg skal sy sammen blokkene, så kjem eg til å bruke teknikken som Nancy lærte oss i dag. Den finn du HER på bloggen til NLQ Photo.

lørdag 28. januar 2012

Det grøne teppet!

Oline går på kurs! Syr, kuttar, syr og kuttar!! "Resteteppe-kurs" i NLQ med Nancy Eriksen frå Grimstad.
Omtrent like hektisk som då julegåveproduksjonen gjekk for fullt. Men,.......det er slett ikkje travelt, ikkje undervegs, men ein kjenner det etterpå!!
Herlig travelt kan ein vel seie, herlig fordi eg frå bruke ein del av dei gamle grøne stoffa mine, og litt herleg å få supplert med litt nye matchande stoff òg! Ikkje berre restar her altså, men eg har valt å bruke berre grøne fargar mot det lyse, så då må det òg vere litt variasjon i dei grøne fargane. Om teppet vert slik eg no har lagt ut lappane, veit eg ikkje, må sy fleire lappar før eg bestemmer den endelege plasseringa!

onsdag 18. januar 2012

Boktips!


I kveld har eg bestilt boka Selbuvotten av Terri Shea. Måtte berre ha den, sjølv om eg har eit eksemplar av den i heimen no. Denne har eg lånt på biblioteket, men eg har no sett at der er så mange flotte oppskrifter at eg må ha mi eiga bok.

Eg søkte som vanlig på Capris, der var den til salgs for kr 199. Billig tenkte eg då, for ein annan stad kosta den 340! Men i slike boksøkrunder så må eg ein tur innom Haugen bok i Volda . Og der er boka på tilbud akkurat no! Kr 149!!


onsdag 4. januar 2012

Julemerkelapp

Ein heimelaga julemerkelapp!

Eg brukar alltid å gje noko som eg har sydd til jul til ei av tantene mine, alltid noko praktisk til heimen. Men i år vart det matgåver i staden, eit heimelaga vørterbrød og eit glas med spesialsylta mi: Rabarbra med aprikos! Så for at ho også skulle få noko heimelaga i tekstil, så måtte eg brodere ein merkelapp til gåva. Denne lappen er også laga slik at den er til gjenbruk, for den kan brukast til pynt i juletreet!Ideen har eg funne på bloggen til Chookyblue, der var det eit bilde av ein slik i headingen før jul.



onsdag 2. november 2011

Tova vottar

For tida er det enklast for Oline å ty til strikking. Det ligg lagleg til ved godstolen når eg endeleg har tid til å sitje i ro.
Eg strikkar vottar,...vottar som skal tovast og bli til julegåver. Minst ei julegåve då, kjem an på kor mange eg får tid til å strikke.
Tråden eg brukar er Vamsegarn frå Rauma, og strikkar på pinnar nr 5. Når dei er ferdige, skal dei tovast i vaskemaskin, noko som eg ikkje har prøvd før.
Eg strikkar damestørrelse, så no gjenstår det å sjå om dei passar til damer etter tovinga!!

Oppskrifta legg eg ut her, for eg er verdensmester i å rote bort viktige ting! Er kanskje ikkje åleine om det?? Men så lenge bloggen virkar, så har eg vel ein sjanse til å finne den att!

Oppskrift:
Damevott, herrevott i parentes.
Legg opp 34 (40) m
Strikk 1 omg. vrangt.
Strikk rett 7 (9) cm.
Vreng og strikk rett 9 (11) cm.

Rett før tommel aukar ein ut slik:
Høgre vott: Str. 3 m. auk 1 m, str. 2 m, auk 1 m, str. omg ut.
Venstre vott: Str. til det er 5 m igjen på 4.p, auk 1 m, str. 2m, auk 1 m, str. dei 3 siste m.

Begge:
Fordel m. jevnt på pinnane.
Høgre tommel:
Str. 1 m på 1. p.
Venstre tommel: Str til det er 9 m igjen på omg.
Begge: sett 8 m på ein tråd og legg opp 8 nye m over holet.

Str vidare til votten dekker langfingeren eller måler ca 12 (14) cm frå tommelholet.

Felling:
1.omg: 1. og 3. pinne: str 1 m, ta 1 m laust av, str 1 m og dra den lause m over. 2. og 4. pinne: Str. til det er 3 m igjen, str. 2 m sammen, str 1 m.
2. omg: Str uten felling
3. omg: Str som 1. omg.
4. omg: Str. som 2. omg.
Heretter felles det kvar omg til det er 8 m igjen, dra så tråden igjennom.

Tommel:
Ta m frå tråden over på p, str. opp 8 m frå undersida av tommelen og 1(2) m i kvar side, i alt 18 (20) m.
Str. til tommelen dekker fingeren eller måler 8 (9) cm.

Felling tommel:
1. omg: 1. og 3. p: ta 1 m laust av, str. 1 m og dra den lause m over. 2. og 4. p: str. dei 2 siste m sammen.
2. omg: Str uten felling
Heretter str som 1. omg og til det er 4 m igjen, dra så tråden igjennom.



søndag 2. oktober 2011

Wallenborg-kurs!

Denne helga har eg vore på eit utruleg lærerikt kurs med Andrè Wallenborg. Vi har sydd ei lommebok-veske. Ei kombiveske, lita nok til å være lommebok til å ha i veska, men også så stor at den kan brukast som selskapsveske.

Her er dei andre veskene som vart sydd på kurset.
Vart veldig fornøgd med veska mi, og no fekk eg brukt det fine stoffet som eg kjøpte i sommar. Passa perfekt til dette syns eg.
Fleire bilder frå kurset finn du på bloggen til quilteklubben vår, NLQ Photo.

onsdag 7. september 2011

3-dimensjonal hexagon

Så vart Oline ferdig med prosjektet sitt akkurat tidsnok. Ei nålepute med 3-dimensjonal hexagonblomster til pynt. Og resultatet vart ganske bra synest eg. 2 lag med blomster i ulik str lagt oppå kvarandre, kronblada vart stappa med litt fyllvatt.

Mønsteret til denne kjem frå eksotiske Hawaii! Der bur bloggaren Polka Dot Pineapple og ho har lagt ut mønster til både denne og mange andre fine småting. Så om du er lei regnet her heime, ta ein tur til HAWAII då!!!

tirsdag 6. september 2011

Oline jobber med hexagon!


Når mørket senkar seg, så er det tid for koselig arbeid i godstolen. No førebur eg noko som eg skal vise på møtet i quilteklubben vår. Kva det skal bli må forbli hemmelig litt til, men eg trur det skal bli veldig fint!

torsdag 7. juli 2011

Feriemodus....

Oline ferierer no. Endelig. Og det er tid til å reise bort frå regn og lavtrykk i kø. Og så langt har planen om å finne sommaren fungert flott. Har sett sola kvar dag sidan eg for heimanfrå og i skrivande stund skin sola enno,...lavt, stille og varmt ute, 19,4 gr. Som de ser må eg gjere på noko i ferien òg, og når ein så kryssar norskegrensa, så passar det flott å strikke på norske Flaggvottar! Så mens Oline er den levande GPS for sjåføren, så går det også unna med strikkinga på fine raske vegar!Er snart ferdig med første votten, men blir det for varmt, må nok ulltråden få vente litt!


tirsdag 28. juni 2011

Matblogg



Når Oline ikkje syr,......så et ho litt (vel,...når det er langt mellom innlegga, så pågår det ikkje matorgie altså!!). Både kjøpemat og egenprodusert!

Tidlegare hadde eg bloggen Julianns Tid der det var ein mix mellom mat, quilting og interiør. No saknar eg litt mine eigne oppskrifter og bilder av det eg har laga, så då vart det ryddigast å opprette ein eigen matblogg. Den har fått namnet Oline baker .


Det vil ta litt tid å få på plass alle dei gamle oppskriftene og bilda frå gamlebloggen, men litt nye kjem det vel etter kvart også. Om andre får nytte av det eg legg ut, vil tida vise, men det er alltid kjekt om de som er innom, vil legge att kommentarar.


Ang. kommentarar generelt: Har snakka med mange bloggarar om dette, og alle saknar meir kommentarar! Så vi må skjerpe oss alle, i bloggeverda som elles er det viktig å bli sett, og helsa på, så om ikkje meir enn eit par ord under kommentarar vil gjere at vi veit vi betyr noko for andre også!!

torsdag 23. juni 2011

Bryllupsteppet

Då er brudeparet (min eldste son) godt gifte og er i skrivande stund på bryllupsreise i det store quiltelandet USA. Men reknar med at dei ikkje ser ein einaste quilt der, berre kvarandre!

Dette teppet er ikkje i sengeteppestørrelse, men er eit koseteppe til sofaen for to, megaromantisk med hjerter i fleng! Både i teknikk og i quiltemønster.Som vanleg jobbar Oline best under press, og typisk meg så jobbar eg med det eg skal gje bort heilt til siste nikk. Dagen før bryllaupet vart quilten ferdig! Det som gjorde at eg vart så sein kom av to ting:



  • Fleeceteppet eg hadde kjøpt til baksida ,viste seg å være 10 cm for kort då eg skulle til å quilte!

  • Eg hadde tenkt å quilte berre i saumane, men kom etter kvart til at det vart mykje finare med tett quilting. Då var det å leite etter eit passande fleeceteppe igjen! Valet fall på eit frå Kid, og det var nok skjebnen det! For då eg skulle legge toppen på fleeceteppet, vart eg nesten nervøs, var det for kort igjen?? For målet var oppgitt med dei "holete" endane. Berre få cm med glatt fleece viste på begge endane. Kva om fleecen drog seg ved quiltinga så hola vart på baksida??

Etter kvart såg eg at dette kom til å passe bra, og det var berre å klippe av blondekanten etter ferdig quilting. Blondekanten ja,....... den var då egentleg fin, men blondekant på ein quilt?? Det hadde eg aldri sett før,..... kunne det gå an?


Men sidan dette skulle vere romantikk de luxe, så kom eg til at blondekanten skulle vere med, og det er eg no glad for. Synest det vart veldig fint og at det passa flott til teknikken og framheva symbolikken i det heile.




Teppet vart quilta tett med hundrevis av hjerter!


Denne teknikken var kjekk å sy, så det spørst om eg må lage eit liknande til meg sjølv òg ein dag!

fredag 3. juni 2011

Hjerteteppet i Buggy Barn teknikk

Det ser ut til at Oline kjem i mål med teppet, no er toppen klar og quiltinga er begynt. Baksida er eit fleeceteppe fordi dette skal bli eit koseteppe for to nygifte. Så om det blir kjølig ut på kvelden på pinsafta, ja så er det berre å krype under eit varmt og godt teppe.
Det kjem bilde når det er heilt ferdig!