Så vart Oline ferdig med prosjektet sitt akkurat tidsnok. Ei nålepute med 3-dimensjonal hexagonblomster til pynt. Og resultatet vart ganske bra synest eg. 2 lag med blomster i ulik str lagt oppå kvarandre, kronblada vart stappa med litt fyllvatt.
Mønsteret til denne kjem frå eksotiske Hawaii! Der bur bloggarenPolka Dot Pineappleog ho har lagt ut mønster til både denne og mange andre fine småting. Så om du er lei regnet her heime, ta ein tur til HAWAII då!!!
Når mørket senkar seg, så er det tid for koselig arbeid i godstolen. No førebur eg noko som eg skal vise på møtet i quilteklubben vår. Kva det skal bli må forbli hemmelig litt til, men eg trur det skal bli veldig fint!